Fredagstreff Sand Pensjonistlag

Sand Pensjonistlag' s fredagstreff på Suldal Kulturhus er ein populær møteplass for «raddel» og hyggeleg samvær. Våren 2023 vil dei ha eit tilbod siste fredag i månaden med eit kulturellt innslag, kaffi og litt å bita i. Her er alle pensjonistar velkomne🧡

Bilde av bestyrerinne, Ingertha Horsdal, som kjempet for barnas liv under flukten.

Bilde av bestyrerinne, Ingertha Horsdal, som kjempet for barnas liv under flukten.

Siste fredagen i januar fekk dei besøk av Anne Elisabeth Skogen og Laila Husevåg. Dei viste ein «bildefilm» som dramalærar, og elevar i kulturskulen for nokre år sidan laga om hendinga PÅ FLUKT FRÅ KRIGEN I NORGE.

Denne bildefilmen er grunna i sjølvbiografien til tidlegare LO – leiar Yngve Hågensen. Han vaks opp på barneheimen Vårsol i Vadsø. I krigsåra 1940-45 var barneheimen på flukt frå bombing og sidan nedbrenning av Finnmark.

Dramaelevane spelte barneheimsbarna og Laila var med og spelte barneheimsstyraren Ingertha. Saman gjenskapte dei flukta til fots i fire dagar frå Vardø, langs fjord og over fjell til bygda Skjånes lenger inne i Tanafjorden.

Anne Elisabeth Skogen, tidlegare dramalærar, reiste sist sommar same ruta som barneheimen flykta og fortalde om høgdepunkta på denne reisa.