Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Pangstart for Pensjonistforbundet Vindafjord!

Det nystarta Pensjonistforbundet Vindafjord arrangerte onsdag 23. oktober sitt første opne møte på Sjøperlo. Og for ein pangstart!

Fullpakket lokale på Pensjonistforbundet Vindafjord sitt første medlemsmøte

Fullpakket lokale på Pensjonistforbundet Vindafjord sitt første medlemsmøte

Me hadde tatt høgd for 50 personar, men til slutt var det 61 personar inne på arrangementskafeen. Det var lagt opp til både sosialt samvær med musikk, gode smørbrød, frukt og kaffi, og eit tema.

Det såg ut som både tema og tidspunkt klokka 11 passa mange godt. Pensjonistforbundets leiar Anne Karin Hårajuvet ynskte den store flokken velkomen. Dagens tema var framtidsfullmakt, og det slo tydelegvis an.

Advokat Ove Kahrs Wangensteen gav eit godt og interessant innblikk i ulike problemstillingar knytt til temaet – når bør ein opprette framtidsfullmakt, kven kan opprette framtidsfullmakt, kven kan vere fullmektig, kva bør ei framtidsfullmakt innehalde, stadfesting av fullmakt mm. Wangensteen si oppfordring var tydeleg: Lag framtidsfullmakt no – start gjerne når du er ung.

Etterpå var det orientering om alle tilboda som finst på Vindafjord bibliotek v/biblioteksjef Silje H. Birkeland. Ho fortalte særleg om alle tilboda som finst for seniorar, frå datahjelp til seniorgaming med meir..

Etter smørbrød og kaffi orienterte kokk Geir Rasmussen om Pensjonistforbundets matkurs. Han sa litt om viktigheita av å lage god og sunn mat som gammal. Alle kan lage mat, og alle kan lære noko nytt. Kurset skal haldast på Ølen vgs med oppstart i januar. Påmelding til Vindafjord Pensjonistforbund.

Nestleiar Sverre Andersen underheldt med flott trekkspelmusikk. Han drog også opp til allsong og leia møtet på ein utmerka måte.

Eit vellukka møte og ein flott start for det nystarta laget var eit letta styre sin konklusjon.

 Anne Brit Klungland

For Vindafjord Pensjonistforbund