Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Områdemøte på Brekkestranda

Tysdag 18. juni møttest representantar frå styra i Lavik, Brekke, Solund og Høyanger Sørside til områdemøte på Brekkestranda.

Foto: Sigmund Bleie

Foto: Sigmund Bleie

Vi starta dagen med presentasjon og runde rundt bordet der laga orienterte om aktivitet og status i eige lag. Aktivitetar som sosiale møter, fellesturar og ikkje minst gleda ved dans var det mange gode erfaringar med. Ellers vart det mange gode diskusjonar og innspel vedr. pasienttreiser, demens, pårørande sin situasjon, eldreråd m.m. 

Etter lunsj informerte dagleg leiar, Britt Tjønneland, om arbeidet og tilbod i region Sogn og Fjordane; råd og utval, kurs, kommunikasjon, digital kompetanse, tillisvaltverktøy, administrative hjelpemiddel m.m. Kjell Nygård frå fylkesstyret informerte om verving og samarbeidsutval og vi fekk mange gode diskusjonar. Tusen takk for ein kjekk og lærerik dag!

Foto: Sigmund Bleie

Foto: Sigmund Bleie