Publisert 20. nov. 2024, kl. 08:18
Sist redigert 20. nov. 2024, kl. 08:18
19.november var ein dag som starta med sludd, isete vegar og ein trailer som stengde vegen. Etter litt forseinking kom likevel 20 deltakarar frå laga i Vågsøy, Selje, Stadlandet og Eid fram til møte på Stad hotell. Før lunsj vart laga utfordra på å seie litt om status i eige lag: aktivitet, utfordingar og eldrerådsarbeid.
Då lunsjen var vel overstått var Stadlandet omvandla til ein nydedleg stad med stille hav, snøkvite fjell og sol. Møtet fortsette med tema verving og samarbeidsutval ved medlem i verve- og organisasjonsutvalet Ragnar Andenæs. Dagleg leiar, Britt Tjønneland, avslutta med tema om administrative rutiner m.m. Tusen takk for ein innhaldsrik dag, stort engasjement og gode diskusjonar.