Publisert 6. sep. 2022, kl. 07:24
Sist redigert 6. sep. 2022, kl. 07:24
Frivilligprisen Vestland
Frivilligprisen Vestland blir delt ut for første gong under Kulturkonferansen i Bergen 16. november. Vinnaren får eit kunstverk og 50 000 kr som skal brukast i frivilligfeltet. Du kan nominere til Frivilligprisen Vestland fram til 15. september. Les meir om frivilligprisen og send inn forslag til prisvinnarar.
Kulturkonferansen – Frivilligheit bygger samfunn
Årets Kulturkonferanse blir arrangert i Bergen 16. november under tittelen «Frivilligheit bygger samfunn». Programmet for konferansen er snart klart, og blir lagt ut på nettsidene til fylkeskommunen. Målgrupper for konferansen er frivillig sektor, kommunar, kultur-, idrett- og friluftsorganisasjonar, kulturinstitusjonar, frie kulturutøvarar, kulturbaserte næringsaktørar og privatpersonar.
Kunnskapsgrunnlag for frivillig sektor i Vestland
Vestland fylkeskommune utvikla i 2021 Kunnskapsgrunnlag for frivillig sektor i Vestland, i tett samarbeid med frivillige organisasjonar i fylket. Kunnskapsgrunnlaget vart revidert før sommaren, og inneheld mykje god informasjon om stoda til frivilligheita i Vestland.
Straumstøtte til frivillige lag og organisasjonar
Regjeringa har sett av midlar i straumstøtte til frivillige organisasjonar. Søknadsfristen er 7. september. Informasjon om ordninga og søknadsskjema finn du på nettsidene til Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Fritidserklæringa – alle barn og unge skal få delta i fritidsaktivitetar
11. august vart fritidserklæringa signert på nytt av ei rekkje frivillige organisasjonar, KS, statsminister og sju statsrådar. Erklæringa slår fast at alle barn skal ha høve til å delta jamleg i minst éin organisert fritidsaktivitet i lag med andre.
Frivilligheitas år 2022
Vestland fylkeskommune har ei eiga side på nettsidene våre der vi legg ut informasjon om Frivilligheitas år 2022.
Du finn informasjon om nasjonale tiltak i Frivilligheitas år 2022 via desse sidene.
Har du spørsmål eller innspel som gjeld frivilligheit i Vestland? Ta kontakt med Åge Avedal, seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune, på tlf. 970 72 734 eller på e-post til age.avedal@vlfk.no.