Publisert 31. jan. 2024, kl. 13:31
Sist redigert 31. jan. 2024, kl. 13:31
UTTALE.
Pensjonistforbundet Møre og Romsdal ser med uro på informasjon frå Fylkestinget i Møre og Romsdal om nedskjeringar i midlane til TT-ordninga. Nedskjeringane er på 5 millionar kroner 2024, og har mellom anna som resultat at ingen nye brukarar får tildelt midlar i år. Full effekt av nedskjeringane vil først kome i 2025, men ein vil merke det i år også ved at dei som alt er registrerte som mottakarar av TT-kort, vil få redusert tilskot.
Pensjonistforbundet er kjend med at det til dels har vore eit underforbruk av desse midlane, det vil seie at dei som får tildelt TT-kort ikkje nyttar seg av dei fullt ut. Spørsmåla som melder seg er då kvifor er det slik. Er informasjonen om ordninga og bruken av den god nok? Det er kommunene som tildeler og organiserar dette, korleis vert informasjonen gjennomført?
I 2023 kom Stortingsmeldinga «Bo trygt hjemme, lenger» som ei oppfølging av «Leve heile livet». Alle vil gjerne bo heime lengst muleg, og vil ha det så trygt som råd er. Korleis samsvarar dette med nedskjeringar av ordningar som er med på å sikre denne tryggheita? Mange eldre blir mindre mobile etter kvart, og då er ordningar som til dømes TT-kort viktig, og ei slik endring vil ramme dei med dårligast råd hardast.
Pensjonistforbundet Møre og Romsdal oppmodar fylkestinget til å sjå på denne saka igjen, og vil følgje den opp gjennom Eldreråda i fylket og i kommunen
Pensjonistforbundet Møre og Romsdal
Anne Lise Hessen Følsvik
Leder.