Surnadal Pensjonistlag 50 år.

Onsdag, 26.02.25 var det stor feiring

Fra gjestene.

Fra gjestene.

Onsdag, 26.02.25 var det stor feiring av jubileet på Thon Hotel Surnadal. Vel 90 medlemmar og innbedne samlast til middag, underhaldning og trivsel. Spesielt inviterte var ordførar Hugo Pedersen, fylkesleiar Anne Lise Hessen Følsvik, fylkessekretær Aud Berit Eidhammer, Halvard Kjelås og Endre Flatvad, leiarar i h.h.v. Pensjonistforbundet Rindal og Sunndal. Gjestene helsa laget til lykke med jubiléet, og overrekte blomster og pengegåver. Dei poengterte kor stor og viktig ein ressurs pensjonistane er. Den frivillige innsatsen og det samfunnsnyttige arbeidet dei bidreg med representerer nær 40 milliardar, vart det sagt.

Gøran Bolme trakterte «bedehusgitaren» etter bestemor si, song og kåserte om «nasadråppen», slengbuksene og meir til. Kristian Ranes tok oss gjennom lagets 50-årige historie. Olav Mogstad, i rolla som skihoppar og VM-kandidat presenterte noko nytt innan hoppsporten; dobbel Boklöv-stil; altså W-stil. Etter denne seansen var det pause med servering av bobler. Jubileumsmiddagen bestod av grava laksetartar, svinefilet og yoghurt-pannakotta. Anne Einum takka for maten. Ei flott og verdig feiring av femtiårsjubileet.

Tidligere ledere. Johs J. Vaag, Helge Røv, Kristian Ranes og dagens leder Bitten Ranes.

Tidligere ledere. Johs J. Vaag, Helge Røv, Kristian Ranes og dagens leder Bitten Ranes.

Olav Mogstad med W-stil i hoppbakken.

Olav Mogstad med W-stil i hoppbakken.

Gøran Bolme song og kåserte.

Gøran Bolme song og kåserte.