Publisert 7. nov. 2024, kl. 14:55
Sist redigert 7. nov. 2024, kl. 14:55
Mellvin var dirigent på landsmøta våre, både i 2018 og i 2023, og styrte debatten med stødig og ryddig hand. Han var tidlegare leiar i fylkesforeininga Pensjonistforbundet Møre og Romsdal.
Sidan 1984 og fram til det siste var han aktiv som fylkestingspolitikar i Møre og Romsdal fylkeskommune, det vil seie i 40 år. Steinsvoll har tidlegare vore kommunestyrerepresentant først i Nesset og seinare i samanslåtte Molde kommune. Etter sist kommune- og fylkestingsval, var han leiar i eldrerådet i Molde kommune.
Mellvin hadde eit breitt politisk nedslagsfelt. De siste tiåra brann han for at dei eldre sine vilkår. Mellvin var også tydeleg på at engasjementet måtte formidlast til andre, difor brukte han aviser og andre media ofte. Før han sette alle kreften inn på eldresaken, var han distriktssekretær for LO i Møre og Romsdal frå 1993 til 2006. Han kom frå Norsk Arbeidsmandsforbund.
Pensjonistforbundet er takksame for innsatsen Mellvin la ned.
Vi lyser fred over Mellvin sitt minne.
Jan Davidsen, forbundsleiar