Publisert 13. nov. 2024, kl. 11:58
Sist redigert 13. nov. 2024, kl. 11:58
Det var med stor sorg at Pensjonistforbundet Møre og Romsdal tok mot meldinga om at Mellvin Steinsvoll var død, 81 år gamal.
Mellvin Steinsvoll har vore ein bauta i Pensjonistforbundet i fylket i mange år. Han vart vald inn som nestleiar i fylkesstyret i 2013, og i 2017 vart han vald som fylkesleiar, eit verv han hadde til 2022.
Mellvin var organisasjonsmann tvers igjennom, og i desse åra hadde han eitt mål for arbeidet i organisasjonen; å sette eldrepolitikken på dagsorden. I dette låg folkehelsearbeidet først, men også arbeidet for å sette pensjonistane sine rettar både økonomisk og på andre måtar i forsetet.
Mellvin Steinsvoll sat og i sentralstyret for Pensjonistforbundet i 5 år, frå 2018 til 2023, og han tok med engsjementet sitt for dei nemnde sakene inn i dette viktige vervet.
Også gjennom verv i Eldrerådet i fylket, og ikkje minst som leiar i eldrerådet i Molde, sette han søkelyset på saker han meinte ikkje vart rett handsama, og kjempa for endringar i desse.
Pensjonistforbundet Møre og Romsdal, ved fylkesstyret, vil rette ei stor takk til Mellvin Steinsvoll for alt dette. Vår varmaste medkjensle går først og fremst til Mellvin sine næraste, som har mist ein god far og bestefar, men også til alle i Pensjonistforbundet som har mist ein ven og ein forkjempar for våre saker.
Vi lyser fred over Mellvin Steinsvoll sitt gode minne.
Fylkesstyret i Pensjonistforbundet Møre og Romsdal
v. Anne Lise Hessen Følsvik, leiar.