Meir anstendig pensjon for dei som har minst
Det siste halvåret har vore prega av budsjettprosessar, skuffelsar, håp og lovnader. Vi er ikkje i mål, men har starta eit løp – ein bevegelse – mot eit meir anstendig pensjonsnivå for dei som har minst. No er det å kjempe vidare fram mot nye budsjett og ei ny regjering.
Publisert 9. des. 2024, kl. 09:48
Sist redigert 9. des. 2024, kl. 11:21
Første nestleder Helga Hjetland holdt denne innledningen på landsstyremøtet 4. desember 2024.
Den eldrepolitiske situasjonen denne hausten har blant anna handla om arbeid med statsbudsjettet.
7. oktober kom framlegget til statsbudsjett og vi hadde forventningar om at det no skulle synleggjerast ei forståing av at det er over ein million pensjonistar og at ikkje alle har det så godt som dei burde ha det – og at eldre veljarar er verdt å satse på.
Brennpunktdokumentar og oppslag i media har synleggjort dei mørke sidene ved eldreomsorga. Så sjøl om 90% av oss har eit herleg pensjonistliv med fridom frå arbeidslivskrava – så er det nok å ta tak i politisk. Ikkje minst å følgje opp eigne reformer!
Eldrebløff
Vi vart ikkje spesielt imponerte 7. oktober. Jan Davidsen brukte sterke ord. Eldrebløffen – var ord han brukte. Vi visste alle at regjeringa ville vere avhengig av støtte frå andre for å få budsjettet på plass før jul. Og ikkje før budsjettet var presentert, kunne tala frå kommunane vise dei katastrofalt dårlege tilstandane – og kommunalministeren måtte fram med nye tal og større summar til kommunane.
Men - ikkje nok til å få dei sjukeheimane vi treng, ikkje nok til at husbanken kan tilby dei tenester som trengs, ikkje nok til dei som har dårlegaste pensjonar får nok å leve av i dyrtida vi står i, ingen eldrepolitisk pott til ulike tiltak som dei eldre sine organisasjonar kunne disponere. Bu trygt heime er framleis mest ord.
Luft og kjærlighet
Så kom dei alternative budsjetta.
Kva kom styringspartiet Høgre med? Ingenting der heller. Høgre skriv: "Høgre vil skape et aldersvennlig samfunn og gi eldre en trygg og verdig alderdom. Vi vil bygge flere sjukeheimsplassar og omsorgsboliger..." Men som Bård Hoksrud i Frp seier: "En bygger ikke sykehjemsplassar av luft og kjærlighet!"
Så er det Norges største parti, Fremskrittspartiet, som er på friarføter til ein million eldre:
Dei skal kutte skatten med 28 milliardar og halvere formueskatten – og likevel har dei visstnok pengar både til fleire politifolk og 2 milliardar for auka bemanning i eldreomsorga og 2000 nye sjukeheimsplassar og 15 000 til minstepensjonistar.
SV har lytta
De veit kva SV har kome med:
- 12 000 i auka minstepensjon.
- Gratis fastlege for minstepensjonistar.
- 20 milliarder til ein eldrepolitisk pott.
- Gjenninnføre heistilskotet.
Jan har vore i mange samtaler med Kjersti Bergstø. Ho har lytta.
Regjeringa og SV er blitt samde og at vi vil kunne sjå forbetringar for våre grupper. Vi er ikkje i mål. Men:
Vi har starta eit løp – ein bevegelse – mot eit meir anstendig pensjonsnivå for dei som har minst.
Vi som har levd ei stund – og det har vi – har opplevd både opp og nedturar i politikken.
Eg har vore veldig spent på helseministeren – om det skulle kome noko å bygge på. Og sjøl om eg høyrer at folk tykkjer han kan vere ein pratmakar, så ser eg at han både har starta å levere når det gjeld pårørande, ventetid for behandling, demensforsking og demensomsorga og no nyleg med kvalitetsindikatorar i kommunal helse og omsorgsteneste. Det har vi i Pensjonistforbundet etterspurt.
Bruk eldremakta
Av og til tenkjer eg at vi gamle representerer noko mange er opptekne av men likevel ikkje greier heilt å forholde seg til.
Vi vert ikkje forstått som aktørar i eige liv, som samfunnsborgarar som bryr seg, som bidreg, som tenkjer og forstår.
Kven skal definere rolla som gammal – om ikkje VI gjer det?
Kven skal definere kva eit aldersvennleg samfunn er – om ikkje VI gjer det?
Vi gamle feministar lærte tidleg at makt ikkje er noko du får – makt er noko du tar.
Så la oss snakke om det på dette landsstyremøtet.
Her i salen er det mange som har hatt mykje makt – og no må vi skape og bruke eldremakta. Vi må få folk i posisjonar til å snakke MED oss og ikkje OM oss.
Lokalpolitisk arbeid
Vi har vore i komitémøte på Stortinget og snakka klart om våre synspunkt på statsbudsjettet 2025. Vi har også vore i møte med statsråd Brenna og fleire departement om våre krav til budsjettet i 2026. Vi er altså slett ikkje personar non grata i høve til Storting og regjering – men sjølsagt – dei høyrer det dei vil høyre og agerer deretter.
Difor er vi vortne meir medvitne om nødvendigheten av lokalpolitisk arbeid. Det er i kommunane vi bur og lever våre liv. Det er der dei kjenner oss best: ordføraren som vi ein gong hadde i skulen eller rådmannen som var kompis med son vår eller kjærast med dotter vår. Det er i kommunen vi må bygge relasjonar og fremme krav – og gjere det med smil og begeistring og overtyding.
Mange har vel takka lagnaden for at de ikke er ordførarar i desse tider der ein står i spagat mellom skulenedlegging eller mangelfull eldreomsorg.
Kven skal vi prioritere når pengesekken er tom? For tom er den mange stader. I mitt heimfylke har kommunane flotta seg med idrettshallar og trivselshagar og fotballbaner og eg veit ikke kva av meir eller mindre nyttige tiltak der ordføraren har fått klippe ei snor – før han må tilbake på kontoret og oppdage at det står dårleg til…
I Lom la dei ned ein skule som får nokre få elevar færre dei neste åra. Er vel knappast ei Ap-stemme å vinne på det. I høgrestyrte Bærum skal Stabekk få ny fotballarena til hundrevis av millionar – medan eldrebustader og barnehagar slost om resten av pengesekken.
Gladsaker må nemnast:
- Noko ein del eldre har vore glade for at er kome på plass, er høvet til kontant betaling – med skikkelege pengar – som vart vedteke i juni og gjort gjeldande frå 1. oktober. Vi har vore ein pådrivar der.
- Tannhelsutvalet leverte si innstilling i haust med høyringsfrist i mars. Og her har Pensjonistforbundet fått støtte for sine krav om at tannhelse skal likestillast med andre helsetenester. Vert spanande om det vert realisert og om regjeringa følgjer opp det som mange har venta på. Vi har vore pådrivarar også her.
- Ei anna gladsak er at Damsstiftelsen har gitt 3 million i støtte til Pensjonistforbundet og NTNU for å forske meir på styrketrening for eldre over 80 år. Forskingsprosjektet heiter "Evig styrke – styrketrening for eit langt og godt liv for eldre". Dette er eit viktig prosjekt no når vi vert stadig fleire eldre over 80 år – som er friske og som vil halde fram med å vere friske. Styrketrening og kosthold er stikkord – men omgrepet EVIG STYRKE har vel eigentleg noko himmelsk og hinsides over seg – eller?
- Vi har også fått 200 000 i støtte frå Miljødirektoratet til lokal aktivitet i samband med friluftslivsåret 2025. Vi tenkjer at dette er pengar som skal kunne nyttast til aktivitet i nærmiljøet knytt opp mot verdas aktivitetsdag 10. mai 2025.
Vi skal være tydelige
For å oppsummere:
Dette har vore eit aktivt halvår – prega av budsjettprosessar, skuffelsar, håp og lovnader.
No skal statsbudsjettet landast for 2025 – og så er det å kjempe vidare fram mot nye budsjett og ei ny regjering. Kva farge den regjeringa får er ikkje godt å vite – sjøl om mange ser i krystallkula og meiner at Sylvi Listhaug er ein sjølsagd kandidat. Erna Solberg har ikke funne kampformen enno. Og meiningsmålingane ser dystre ut for dei to regjeringspartia som har måtte kjempe i motvind frå alle kantar dei siste åra.
Som partipolitisk nøytralt forbund forheld vi oss nøytralt til dei som måtte komme. Men vi har ein jobb å gjere med partiprogram og påverknad. Vi er over ein million pensjonistar – og det må vi kunne sjå att i partiprogramma. Det går ikkje over. Vi er her – og vi skal vere på offensiven sentralt og lokalt – og sjølsagt i fylkespolitikken.
Tydelige, sterke og synlege skal vi vere inn mot valkampen – ikkje på vegne av eit enkelt parti eller ei blokk – men på vegne av dei vi representerer.
Ikkje så ofte ein siterer Skrifta her i landsstyret. Men Salomos ordtøkje kap 11 vers 25: "Som epler av gull i skåler av sølv er ord ein talar i rette tid."
Det skal vi ta med oss i møte med medlemmer og ikkje minst i møte med politikarar.
Rett ord til rett tid – tydeleg, sterk og synleg.