Publisert 20. aug. 2021, kl. 13:07
Sist redigert 20. aug. 2021, kl. 13:07
Kulturelt tiltak med Telemarkskanalen Henrik Ibsen.
Endelig kom dagen så at vi kan får lov å reise på tur med Telemarkcruise Henrik Ibsen
Med historisk sus frå fyrste fløytelyd ved Lastein brygge på Dalen, kunne leiar for Dalen pensjonistlag, Tahar, ynskje 21 reiselystene pensjonister velkomen om bord, måndag 16. august. Måle var Lunde sluse , ei av 8 sluseanlegg på den 105 Km lange reisa på Telemarkskanalen til Skien. Informasjon over høgtalaren kunne fortell, skyss-stasjonar, bryggeanlegg , gruveverksemd, tømmerfløting, restaurering av hotell Dalen og sluseportar. Steintippar langs fjellsidene vitna om gruvedrift, kjenneteikn i fjellsida, Risen og Gygra, Skipet og andre meir og mindre kjende merke dukka opp. Straumane rett før Spjotsodd med sine ekstra stride straumar skapar ofte problem for rutebåtane om våren, mykje laus sand bygger bankar som flytter seg. Båten me køyrde med blei kjøpt av hotelldirektør Halvorsen på Dalen hotell for 1 Krone, men har i etterkant kosta fleire millionar og er i dag ein super båt å dra cruise med. Servering av både frukost og lunsj var også med på å gjere turen til ein innertier.
Men dei reisande måtte også bryne sine små grå , da kasserar Jacques kom med quizz, der det var premiar ti alle deltakerane. Krus frå Tokke seniornett.
Arrangør for turen var Dalen og Mo/ Byrte pensjonistlag.
Ref: Tahar Haddad Leder