Publisert 4. sep. 2023, kl. 10:49
Sist redigert 4. sep. 2023, kl. 10:49
Debattmøte med kanidatar til fylkestinget i Møre og Romsdal
Måndag 28. august arrangerte Pensjonistforbundet Møre og Romsdal ope valmøte med listekanidatane til det nye fylkestinget, på Molde Fjordhotell i Molde. Temaet var Eldrepolitikk i fylket. Alle dei 9 politiske partia som er representert på fylkestinget i dag var inviterte, alle deltok, og dei fleste stilte med sine 1. eller 2. kandidatar. Fylkesaleiar i Pensjonistforbundet Møre og Romsdal, Anne Lise Hessen Følsvik, ønska velkomen til møtet og Generalsekretær Arne Halås leia debatten og stilte også spørsmål til politikarane.
Det var om lag 50 personar som deltok som publikum i møtet, og etter ei pause fekk dei sleppe til med synspunkt og spørsmål. Mykje av debatten dreia seg om saker som kommunane har ansvaret for; men mellom anna samferdsel, manglande bygging av sjukeheimar, tannhelse, nedlegging av Eldreombodet og TT-ordninga vart også løfta fram i debatten. I tillegg vart spørsmål knytt til Eldreråd både i fylket og i kommunane drøfta, og spørsmåla og kommentarane, både frå publikum og politikarane (!) viste at det er lite kunnskap om korleis eldreråda skal arbeide.
Publikum viste stor interesse for fylkespolitikken, og dei komande kandidatane som skal veljast den 11. september, og debatten strekte seg godt utover dei 2 timane som var avsett