Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Sommartreffet i Årdal

Nyheit 19. juni: Kultur- og industrihistorisk vandring og Sjøvegen til Indre Ofredal ne fø’ sjøen

I samband med vandring i Utladalen og Indre Ofredal 19. juni har vi no fleire tilbod:

Kultur- og industrihistorisk vandring

19. juni kl 17.00 frå Torget i Øvre Årdal

              Ingvar Laberg tek oss med på ei kultur- og industrihistorisk vandring i Øvre Årdal.

Vi startar på Torget i Øvre Årdal ved lokalet til turistinformasjonen. Her vert det litt om den fyrste delen av industrihistoria vår. Etter dette ruslar vi oppover til Rallaren, og avsluttar med omvising i Årdal visningssenter. Det er ein lett gå tur på 10 – 15 min.

              På Årdal visningssenter tek Helge Rørvik oss med vidare framover i industrihistoria i Årdal

              Det er ikkje påmelding. Dei som vil vere med oss møter fram på Torget til kl 17.00

              Vi får også fri tilgang til visningssenteret denne kvelden.

Sjøvegen til Indre Ofredal ne fø’ sjøen

Årdal Sjøfront as set opp turar med Tya til Ofredalen måndag 19. juni.

Fyrste tur går kl 14.00 frå kaia ved Klingenberg Hotel på Årdalstangen.

Båten tek 12 – 16 passasjerar.

Pris er kr 250 t/r Indre Ofredal.

Her må de tinge plass. Båten vil gå til alle som har tinga plass kjem med.

For å bestille plass ringer de Klingenberg Hotel - 57 66 58 00 eller stikk innom hotellet.