Publisert 18. jan. 2023, kl. 11:20
Sist redigert 18. jan. 2023, kl. 11:20
Digitalt seminar for frivilligheita i Vestland Tysdag 14. februar kl. 19.00-20.30 inviterer vi til digitalt seminar for frivilligheita. Tema er korleis frivillige organisasjonar kan samarbeide tettare med kommunane og næringslivet. Høyr om samskaping gjennom «Med hjerte for Arendal», om arbeidet med folkeverkstad og korleis frivilligheita kan påverke i offentlege prosessar. Sjå heile programmet og meld deg på her.
Dialogmøte for kommunane i Vestland Fylkeskommunen inviterer kommunane i Vestland til jamlege digitale dialogmøte om frivilligheit, kultur og folkehelse. På møtet 3. februar kl. 09.30-11.00 er temaet samskaping. Møtet er ope for alle, men hovudmålgruppa er tilsette i kommunane. Sjå programmet for møtet.
Tilskotsordningar Mange av tilskotsordningane i fylkeskommunen har søknadsfrist på våren. Du finn oversikt over alle ordningane på nettsidene våre.
Sjekk også ut den statlege nettsida tilskudd.no. Her finn du oversikt over tilskotsordningar som frivillige organisasjonar kan søke på og anna nyttig informasjon.
Evaluering av frivilligstrategien for Vestland – spørjeundersøking Vi er no i gang med evaluering av frivilligstrategien for Vestland 2021-2022. I samband med dette vil vi i starten av februar sende ut ei kort spørjeundersøking til regionale frivillige organisasjonar. Svara frå denne vil vi nytte i evalueringa og i arbeidet med handlingsprogram til regional plan for kultur, idrett og frivilligheit. På denne sida finn du m.a. frivilligstrategien og kunnskapsgrunnlag for frivillig sektor i Vestland.
Frivillig.no og ungfritid.no Rekrutter fleire frivillige og delta på interessante kurs gjennom frivillig.no. Del informasjon om fritidsaktivitetar for barn og unge og sjekk ut støtteordningssida på ungfritid.no.
Har du spørsmål eller innspel som gjeld frivilligheit i Vestland? Ta kontakt med Åge Avedal, seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune, på tlf. 970 72 734 eller på e-post til age.avedal@vlfk.no.