Guri Aasen  - Fotograf Anne Gry Eilertsen

Pressemelding Valderøy Pensjonistlag

Valderøy Pensjonistlag held årsmøtet sitt for 2020

Valderøy Pensjonistlag held årsmøtet sitt for 2020 på Ålesund Airport Hotel, Ytterland, første onsdagen i februar. I samanheng med årsmøtet vil Guri Aasen halde bildekåseriet «Fiskarkona og døtrene hennar. Eit hundreårig kvinneminnealbum».                                                                                                                                                                                 

Guri Aasen, fødd 1953,opphaveleg frå Hovdebygda, er busett i Herøy, der ho driv forteljeverksemda Vestafor Måne. Ho tilbyr framsyningar og verkstader i forteljekunst.

I høve Valderøy Pensjonistlag sitt årsmøte, held ho bildekåseri tufta på si eiga forteljeframsyning og bildebok

«Fiskarkona og døtrene hennar. Eit hundreårig kvinneminnealbum».

Kven hadde ho vist seg å vere tru, skulptør Tore Bjørn Skjølsviks fiskarkonestatue på Vågsplassen i Fosnavåg, om ho kunne tre ned av sokkelen og fortelje oss om livet sitt?

Denne samlinga minneforteljingar frå tidsromet 1860–1960 lyfter fram eit utval av dei tusenvis av kvinnene som gjennom tidene har vore mottaksapparatet for foredlinga av havets grøde i Herøy,liksom langs heile norskekysten.

Her møter vi fiskarbonden og budakokka, kverkejenta og klippfisk-kjerringa, røykeriarbeidaren og hermetikkjenta. Alle desse som, ofte på hardt akkordarbeid og dårleg løn, ikkje vørde stort at ryggen jamra og fingrane vart hovne og hudlause. Borna må sjølvsagt òg med, sidan dei til langt inn i vår tid møtte arbeidslivet i døra frå den dagen hendene var sterke nok til å ro ein færing, mjølke ei ku, bere ein klippfisk, skjere ei tosketunge eller trede eit toskehaud.

Mange av forteljingane har vakse fram av samtalar med lokale kvinner og menn fødde i tidsromet 1907 – 1960, medan andre er henta frå skriftlege kjelder innan lokalhistorie og kvinnehistorie. Boka er eit minnealbum, og såleis rikt illustrert med bilde frå fiskearbeid og daglegliv i Herøy. Bildeboka er tufta på hennar forteljeframsyning med same namn, og som var eit tingingsverk for Herøy kommune i 2011.
 

Guri Aasen har sidan boka vart lansert reist land og strand rundt med dette bildekåseriet. Etter hennar framføring under Haugsholmdagane i 2017 melde Vestlandsnytt fylgjande:

«(.. ) Deretter overtok Guri Aasen lokalet i den gamle sjøbuda med eit glitrande føredrag om «Fiskarkona og døtrene hennar», som boka hennar heiter. Eit meir høveleg lokale enn den salthaldige gamle handelsbuda på Haugsholmen kan elles vanskeleg tenkjast for eit slikt kåseri. Guri Aasen er ein knallgod forteljar og hadde også eit framifrå godt tema å fortelje om. Ho prata som ein foss og sprudla som kolsyra i ei varm brusflaske. I tillegg til god forteljarkunst gestikulerte ho som ei flaksande kråke i motvind. Alt saman krydra den flinke kåsøren med skjermvising av bilder og illustrasjonar frå boka si. Eg retteleg god og interessant oppleving var det å vere til stades på dette.»


Etter kåseriet vert det høve til å kjøpe boka, då signerer og sel Guri Aasen boka si. Ho har både betalingssterminal og Vipps.

Valderøy Pensjonistlag ser fram til å høyre og sjå dette bildekåseriet, og denne delen av møtet er ope for alle interesserte.

0 resultater