Julestjerna

Julebord

Valderøy Pensjonistlag hadde julebord fredag 29. november

Valderøy Pensjonistlag hadde julebord fredag 29. november, der om lag 50 pensjonistar fekk eit attersyn med det gamle Heilag-Tre-Kongar spelet som har lange tradisjonar her ute på øyane. Spelet blir kalla «Julestjerna», og er bygd på soga om dei tre kongane;  jødekongen, nasaretkongen og boerkongen; som drog til Betlehem for å finne «barnet som i krubba vart lagt», som dei syng i ein av songane. Det er Gunnar Roaldsnes som er ansvarleg og som eig stjerna som er vist på bildet. Tusen takk for besøket!

0 resultater