Topp-politikarar frå alle politiske parti deltok i paneldebatten om eldrepolitikk i nye Sunnfjord Kommune onsdag kveld

Debatt om eldrepolitikk i Sunnfjord Kommune

Omlag 150 tilhøyrar møtte opp i Førdehuset for å høyre på politikarane sine synspunkt og løysingar på kapasitet og kompetanse i kommunen si eldreomsorg, eldrerådet si rolle, serviceskyss, kollektivtilbod og dataopplæring for eldre.
 

Dagunn Klakegg innleia til debatt og Eldgrim Fossheim styrte debatten på ein framifrå måte.

Størst engasjement vart det omkring kapasitet og kompetanse innafor rehabilitering, demensomsorg og avlastningstilbod. Det vart også uttrykt sterkt ønskje om lokalisering av rehabiliteringsplassar til Førde på grunn av nærleik til spesialistkompetanse ved sjukehuset, fysioterapi, Hafstadparken og terapibassenget etc.

Det vart også uttrykt bekymring for stram kommuneøkonomi som følgje av store investeringar som er bunde opp i andre område enn eldreomsorg. 

0 resultater