Arrangementskomiteen for valmøte om eldrepolitikk i Sunnfjord Kommune. Frå venstre: Monrad Kolstad, Hildur Laukeland, Kjell Sandnes, Ruth Gjelsvik, Johannes Oppedal, Inger Lind Aasen og Kolbjørn Bergset

Eldrepolitikk i Sunnfjord Kommune. Paneldebatt

Pensjonistlaga i nye Sunnfjord Kommune inviterer til paneldebatt i Festsalen i Førdehuset onsdag 28. august 2019 kl 18 00 

Arrangementet er eit samarbeid med pensjonistforbundet sentralt og dei 5 pensjonistlaga frå dei 4 kommunane som går inn i Sunnfjord Kommune frå nyttår.

Alle dei politiske partia som stiller til val deltek med førstekandidatane sine. Dagunn Klakegg, leiar i eldrerådet i Førde og nestleiar i Felles eldreråd i Sunnfjord Kommune vil innleie om sentrale tema. Vi ønskjer å få politikarane sine synspunkt på kapasitet og kompetanse i kommunen si eldreomsorg, eldrerådet si rolle, serviceskyss, kollektivtilbod og dataopplæring for eldre.

Eldgrim Fossheim vil leie debatten og Eyvind Frilseth frå pensjonistfobundet sentralt vil sitte i panelet saman med dei lokale politikarane.

Vi håpar alle som er opptekne av den nye kommunen si eldreomsorg vil møte opp og ønskjer alle velkomne

0 resultater