Modne rognebær signaliserer at sommaren snart er over

Aktivitetar hausten 2019

Planen for haustprogrammet vårt er no på plass

Vi startar med paneldebatt i Førdehuset 28. august der vi ønskjer å få politikarane sine synspunkt og løysingar på eldreomsorg i den nye kommunen. 

På møtet i september vil Fritjof Urdal snakke om kunst med motiv frå Førde og Sunnfjord. I oktober blir "Sikkerheit i heimen" tema. I november vil Bjørn Vollstad snakke om å "leve livet". Så avsluttar vi det haustlege programmet med julebord 5. desember.

Du kan lese meir om haustprogrammet vårt i vedlagte brosjyre.

0 resultater