Vemork museum med Tungtvannkjellaren

Rjukan

Dalen pensjonistlag i østerled........

Tysdag 28, mai starta ein minibuss og ein personbil med pensjonistar den lange ferda frå Dalen over fjellet til Rjukan. Målet denne gongen var Vemork museum med Tungtvannskjellaren.

Som så mange andre i same aldersgruppe låg krigen langt bak i hovudet vårt, men blei friska opp att då guiden vår fortalte om historia kring Vemork, frå start til slutt. - Oppkaup av fallrettighetar, oppbygging av fabrikken med utviklinga av energi til bruk i Hydro sin kvelstoffproduksjon, som resultera i kunstgjørsel.

Krigstida med bombing av fabrikken, utvinninga av tungtvatnet, sabotasjeaksjonen, motstandsrørsla, senkinga av Hydro på veg over Tinnsjøen med tungtvatn. Og tilslutt rivinga av fabrikkbygget der tungtvatnet vart produsere, og utgravinga av kjellaren der det heile skjedde.

Mange inntrykk, nesten andektig blei me når me gjekk inn i kjellaren og fekk sjå, og høyre, kvar dei kom inn, karane frå vidda, korleis dei med iskaldt hovud gjennomførte målet sitt. Spora var der enno, utruleg oppleving. Stor takk til dyktig guide.

Vinden var iskald, men kafferasten ved gamle Dammen-bui lot seg gjennomføre ved at bussen blei sett opp som vindskjerm. Og mat mangla me ikkje vidare på turen heller, middag på toppen av taugbanen, med kjemputsikt til Gaustatoppen i strålande sol. Sjølve taugbaneturen kisla nok litt ekstra i some magar, men turen opp og ned gjekk perfekt. Strålande utsikt nedover dalen.

Heimturen tok me like godt over Tuddal og høgste punktet på turen var drugt 1200 meter over havet. Takk også til triveleg og dyktig minibuss-sjåfør frå Rauland skisenter.

Ref: Anne Lise Ekelund Andersen.

0 resultater