Her ser vi ho Olina klar til å forlate Seljestad i 1879, ho held ferdaskrinet fast i handa. Ho skal reise over det store havet for å finne det forgjetta landet. Ho kom fram og fann landet, men om ho fann lukka var tvilsamt. Ho kom 

Migrasong- tonane dei bar med seg over havet.

Om den store utvandringa til Amerika.

Folkeakademiet Sogn og Fjordane har gleda av å ha denne flotte framsyninga på Turneprogrammet for 2019.

Bygda vår var så heldige at den 3. April stod Viksdalen på speleprogrammet med framsyninga:

På slutten av 1800-talet reiste mange hundretusen kvinner og menn frå Noreg for å skape seg eit betre liv i Amerika. «Migrasong – tonane dei bar med seg over havet» set fokus på dette, og Reidun Horvei har dramatisert denne multimedieframsyninga om den store utvandringa til Amerika.                                                               I framsyninga fylgjer vi Olina, gjennom ord, tonar, bilete og dramatiserte sekvensar, på reisa si frå Vestlandet til Amerika, med alle dei opplevingane og inntrykka ei slik lang reise førte med seg.

-----------------------------

Dette var ei framsyning mange av våre medlemmer var med på, og den kan på det sterkaste anbefalast!

0 resultater