Få kjøkkenet tilbake til sjuke/aldersheimane!
- Me skal ha maten laga her, elles streikar me
Ein sjuke/aldersheim skal fyrst og fremst vere ein heim for dei som bur der. Og i ein heim skal vi kunne lukte at det snart er middag. Mat handlar om utsjånad, smak og korleis den blir servert. Dei fleste av oss likar å ete middag saman med andre. Mange sakna nokon å dela eit måltid med. Vi meinar at nærhet mellom dei som tilberedar maten og dei som skal få den servert vil gjere at måltidet får ein helt anna betydning i aldersheimen, og den posisjonen det fortener! Vi veit at lukt, smak og farge på maten stimulerar matlysta og at god matkultur er med på å auke trivselen. Det noko spesielt ved det å samlast rundt god mat. For sjuke/aldersheim-bebuarane, og for andre pleietrengande er middagsmåltid dagens høydepunkt. I kjøkken på aldersheimen kan også bebuarane få mogelegheit til å være med på å lage maten, utan at det treng å koste særleg mykje.
Hjelp oss med å få kjøkkenet tilbake til sjuke/aldersheimane, og være på vakt for å oppretthalde dei også i framtida! – Det kan du gjere ved å signer Pensjonistforbundet sin kampanje no!