Referat frå årsmøte i Valderøy pensjonistlag den 6 februar 2019 på Aalesund Airport Hotell, Ytterland
Styret delte ut sakslista, årsmelding, rekneskap, revisjonsrapport og budsjett,
Deltakar 39 stk.
Styret delte ut sakslista, årsmelding, rekneskap, revisjonsrapport og budsjett,
Deltakar 39 stk
Anne Lise Hessen Følsvik opna møtet og helsa vel møtt og spesielt til fylkesleiar Mellvin Steinsvoll som deltok og orienterte om fylkeslaget i Pensjonistforbundet.
Sak 1 Konstituering
Innkallinga. Innkallinga har skjett med annonse den 17 januar i Øyblikk og plakat i matbutikkar på Valderøya 18 januar. Innkallinga bleiv godkjent,
Val av ordstyrar og skrivar og val av to å skrive under referat for møtet
Anne Lise Hessen Følsvik vart vald till ordstyrar og Lasse Nilsson til skrivar for møtet. Lillian Valderhaug og Jorid Telset bleiv valda at skriva under referat.
Sak 2 Årsmelding 2018
Årsmelding vart opplese og godkjent.
Sak 3 Rekneskap 2018
Rekneskap vart opplese og godkjent.
Sak 4 Revisjonsrapport
Revisjonsrapport vart opplese og godkjent.
Sak 5 Budsjett
Styret la frem sitt budsjett. Det vart lest opp av Unni Klokk. Det vart godkjent.
Sak 6 Arbeidsplan 2019
Styret er ikkje klar med arbeidsplan. Årsmøtet godtek det og hadde fått informasjon fylket og forbundet sina planer.
Sak 7 Innkomne forslag
Inga innkomne forslag.
Sak 8 Val
Anne Lise leste opp vlanemnda sin forslg som ho fått frå Gunvor Hovden
Leiv Ervik, Unni Klokk, Lasse Nilsson,og varamedlem Irene Skjong var ikkje på val
Valet bleiv som følger.
Anne Lise Hessen Følsvik , gjenval, Hermod Jørgensen nyval
Varamedlem Kitty Uggedal gjenval
Valnemnda foreslo 3000 Nok i godtgjørsle for Anne Lise Hessen Følsvik for 2019 og 1500 Nok i godtgjørsle for Unni Klokk og for Lasse Nilsson for 2019.
Det bleiv godkjent.
Revisor Svein Skjong nyval.
Styret føreslo Gunvor Hovden, Arne Teigene og John Hjelle .til valnemnd. Det bleiv godkjent.
Vala var samrøystes.
Sedvanleg kaffi, utlodding og quiz.
Anne-Lise avslutta møtet.