Valderøy

VALDERØY PENSJONISTLAG
20 ÅR

I år er det 20 år sidan noverande Valderøy Pensjonistlag vart skipa.

I år er det 20 år sidan noverande Valderøy Pensjonistlag vart skipa. Den 26. mars 1998 vart det halde stiftingsmøte på Rådhuset, der om lag 20 personar møtte. Det vart då vedteke å starte opp ny pensjonistforening, alle 20 teikna seg som medlemar. Det vart vald eit interimstyre på 4 medlemar. Dette var Jostein Skjong, Ragnar Walderhaug, Irene Skjong og Nils Skjong. Av protokollen går det fram at foreninga hadde konstituerande møte på Øy-Tun den 21. april 1998.

Det første pensjonistlaget på øya var lagt ned tidlegare, og det var stor interesse for å starte eit nytt lag. Det konstituerte styret i det nye laget tok kontakt med Jens Mulelid, som hadde vore med i det tidlegare styret, og fekk løyve til å ta i bruk Valderøy Pensjonistlag som namn på det nye laget. I eit skriv til kommunen gjerd ein merksam på at det er starta nytt pensjonistlag, og at dei har som formål å «høyne livskvaliteten for eldre på Valderøy». Dei engasjerar seg og i arbeidet med å få til ein handlingsplan for eldreomsorga i Giske kommune.

I januar 1999 vart det første ordinære årsmøtet halde. Av årsmeldinga går det fram at laget hadde hatt 5 medlemsmøter, der det eine var julebord, og dei skriv at dette var svært vellykka. Laget har hatt 7 styremøter gjennom året, og dei arrangerte eit ope møte på Giske rådhus i oktober. Dette var for å få i gong drøftingar om eldreomsorga i kommunen, skriv dei. Møtet var arrangert som ein paneldebatt, med Bjørn Magne Nordahl, Arnfinn Valderhaug, Arild Austnes og Hildegunn Nesse Roald som paneldeltakarar. Emnet for møtet var «Treng vi fleire sjukeheimsplassar i kommunen?»

Laget hadde 45 medlemar i 1998, og hadde dette styret: Jostein Skjong, leiar, Nils L Skjong, nestleiar, Ragnar Walderhaug, kasserar, Irene Skjong sekretær, Gudrun Skjong styremedlem. Karsten Walderhaug og Sigrid Andersen var varamedlemar

I 1998 skriv Pensjonistlaget ein merknad til Handlingsplan for Eldreomsorga i Giske for 1999 – 2001. I skriver krev dei utbygging av sjukeheimsplassar på Valderøya. Sitat frå skrivet: «Dagens situasjon er at det på institusjonane i kommunen, utanom sjukeheimen, har om lag 40 personar som burde ha sjukeheimplass. Denne situasjonen går ikkje fråm av dokumentet. Vi veit også at det i heimane er personar i same situasjon. I tillegg til dette kejm manglande rehabiliteringsplassar for utskrivne frå sjukehuset. Det kan verte dyrt for kommunen når sjukehuset sender regning for unødig forlenga sjukehusopphald.»

Dette syner at Valderøy Pensjonislag heilt frå starten har vore engasjert i dei eldre sin situasjon i kommunen.

I 2000 var det tre pensjonislag i Giske kommune; Godøy og Alnes Pensjonislforening, Vigra Pensjonistlag og Valderøy Pensjonistlag. Den 26. oktober dette året vart det halde eit sammøte for desse tre laga, og det var Valderøy Pensjonislag som kalla inn til møte den 19. 10.00. Programmet var lagt opp med sosialt samver og drøfting av sakene  som var tema på eit leiarmøte dei hadde vore på i Molde same hausten. «Å verve nye og yngre medlemar til laga» var eit av emna dei drøfta, dette kjenner vi igjen i dag og! Oppsummeringa av møtet seier at det hadde vore inspirerande og nyttigt med eit slikt møte, og at dette burde halde fram.

Val av eldreråd i kommunen var og ei sak Pensjonislaget på Valderøya engasjerte seg i. Særlov om kommunale- og fylkeskommunale Eldreråd var gjort gjeldande frå 1. januar 1992, men alt i 1985 vedtok Giske kommunestyre å opprette Eldreråd. I vedtaket om dette står det: Rådet skal ha 6 medlemar, 4 frå pensjonistlag, 1 frå kommunestyret, og 1 frå Helse- og sosialstyret. Oddvin Sæther var leiar i Eldrerådet  i perioden til 1999, og Pensjonistlaga vert oppmoda om å kome med forslag til neste periode.

Elles viser protokollen at laget har vore aktivt i fleire samanhengar, delteke på møter og samlingar i fylket, arrangert turar for medlemane og andre, hatt medlemsmøter kvar månad med interessante emner og godt sosialt samver.

Men først og sist går det fram den aktive og offensive rolla laget har hatt når det gjeld å stå på for dei eldre i kommunen

Valderøy Pensjonistlag har hatt desse leiarane sidan oppstart av laget i 1998:

  1. Jostein Skjong
  2. Nils L. Skjong
  3. Borge Rørvik
  4. Harald Hole
  5. Aase Vemøy Sæther
  6. Arne Teigene
  7. Anne Lise Hessen Følsvik (noverande)

Når ein går igjennom protokollar og ser på referata frå det nye pensjonistlaget på Valderøya vart stifta, er det fleire saker som står i fokus. Men først og sist ser ein at Valderøy Pensjonistlag har hatt som mål å fremje saker som kjem dei eldre til gode, både gjennom lagsarbeid og i det offentlege. Det siste ikkje minst gjennom eldrerådet i kommunen. Det er framleis slik at pensjonistlaga i kommunen skal nemne opp kandidatar til eldrerådet ved val, og desse skal vere i fleirtal i rådet. No når særlova om eldreråd vert borte, og lov om dette skal inn under kommunelova, vil  Valderøy Pensjonistlag arbeide for at dette ikkje vert endra.

Lagsarbeidet har no fått nye oppgåver, der eldrepolitikk står klarare fram. Laget skal vere partipolitisk nøytral, men skal fremje eldrepolitikk gjennom saker ein tar opp. Av slike saker kan vi nemne kampen om å få attende «slippen min». Dette er ei sak som er vunnen, ikkje minst gjennom arbeidet Pensjonistforbundet la ned.

Valderøy Pensjonistlag har medlemar frå alle øyane i kommunen, og ser på det som ein styrke for arbeidet for og mellom dei eldre. Det vert framleis lagt stor vekt på det sosiale i medlemsmøta, men vi prøver også  å ha foredrag og anna informasjon om aktuelle tema på møta.  Pensjonistlaget ønskjer å ha eit nærare samarbeid med pensjonistane i dei ymse fagorganisasjonane kommunen, og har det som eit av måla vidare framover. Utanom dei faste medlemsmøta har vi ein årleg busstur, vi har julebord , og vi markerar Verdens aktivitetsdag for eldre 10. mai. Der har vi dei seinare åra hatt samarbeid med IL Valder og Giske Frivillegsentral.

Laget har medlemsmøte første onsdagen i kvar månad, og møta våre held vi på Giske Omsorgsenter. Sjølv om dette vert gjort kjent som medlemsmøte, er sjølvsagt møta opne for alle.

Styret i jubileumsåret er slik:

     Anne Lise Hessen Følsvik, leiar

     Leiv Ervik, nestleiar

     Unni Klokk, kasserar

     Lasse Nilsson, skrivar

     Erling Hovden, styremedlem

     Irene Skjong og Kitty Uggedal, varamedlemar                      

0 resultater