ELDREDAGEN

1. OKTOBER

Referat frå ELDREDAGEN på Dalen.

Eldredagen 1. oktober blei markera på Dalen, der Eldrerådet og Dalen pensjonistlag invitera alle eldre i Tokke til ein innhaldsrik dag på Kulturhuset.

Leiar i både Eldrerådet og Dalen pensjonistlag, Tahar Haddad ynskje drygt 40 godt vaksne velkomen til ein begivenhetsrik dag;

Der diakon Eilev Erikstein opna med mange gode råd, og ord om viktigheten av å vere raus. Ta imot og gje raushet. Viktig å møtast og kjenne nærhet, vere saman. Han sitera ogå eit dikt av Per Sivle.

Unge, dyktige songerar, og lærar frå Tokke kulturskule, målbandt publikum med flotte songar, solo til og med, uredde og flotte representantar. Me fekk høyre om grisen som sat fast i gjerdet, og dei tok også opp emnet Erikstein hadde vore innom tidlegare, «Du er god nok, bra nok», og me fekk høyre om Rosa i Svingen.

Ein stor takk til både lærar og elevar for trivelegt innslag.

Leiar sette dagen litt i perspektiv ved å gå 70 år attende, då FN vedtok ei verdserklæring for menneskerettar; eldredagen vart fødd. Det at ein blir pensjonist tyder på ingen måte at ein ikkje er i stand til å yte noko, tvert om, pensjonistane er einerar i å gjere noko saman, ein kan i stor grad kalla det friviljugt arbeid. Og målet for 2018 er å: fremje menneskerettane, synleggjere eldre si deltaking i samfunnet, reflektere kring framgang og utfordringar, engasjere eit breitt publikum rundt i verda.

FN har ein artikkel 21 der det blir peika på kva rettighetar einskildmennesket har; rett til å ta del i landet sitt styre direkte eller gjennom fritt valde representantar, rett til lik adgang til offentleg teneste i landet sitt og folket si vilje skal vere grunnlag for offentleg mynde.

Trygg alderdom er å føle tryggleik så ein kan utfalde seg og leve eit godt liv.

Som pensjonistar er me opptekne av at me har tilgang til kulturelle opplevingar, då dette er helsefremjande og har evne til å skape meining. Difor arbeider Norsk pensjonistforbund for at den kulturelle spaserstokken skal styrkast.

Møtet gjekk no over i ein litt spanande fase, då Årets pensjonist skulle ropast opp på podiet. Kven blir det i år tru? Mange gode kandidatar her, men Eldrerådet gjekk sameina inn for Åse Marie Lillegård frå Dalen, og leiar ropa opp ei svært overraska dame.

Ei dame med mange jarn i elden, har alltid vore aktiv i ulike lag og organisasjonar, lenge før ho vart pensjonist også, på Helsesenteret, stikk innom og helar på folk, utan å vere beden, eit ja-menneske, og då er det bare å gratulere med prisen. Blomar og diplom.

Vakre tonar tok over då Stein Otto og Gutten fann fram gitar og trekkspel og innleia den sosiale biten av dagen. Lapskaus, kaffe og kake kom på «løpande band», loddpengane sat laust og mange glade vinnerar kunne smile breitt.

Og så var han der: Åsmund Olavson Vinje, « i eigen person», svært godt hjelpt av Leif Arild Sanden frå Kviteseid, Teater Ibsen, og med nokre år på Dalen.

Kav døl, og svært levande fekk me fylgje Vinje på godt og vondt. Latteren sat laust og publikum kunne reise heim med nye og ukjende sider av Vinje i bakhovudet og smile og nikke; det hadde vore ein triveleg dag.

0 resultater