Kurt Sagen

Vellykka feiring av Verdens Aktivitetsdag, 10. mai

Valderøy Pensjonistlag feira også i år 10. mai med eit ope arrangement

Valderøy Pensjonistlag feira også i år 10. mai med eit ope arrangement. Dette vart svært vellykka, og også i år vart dette halde på klubbhuset til IL Valder på Valdervoll. Dei støttar vårt arbeid for trivsel mellom eldre og pensjonistar med å stille huset gratis til vår disposisjon, det er vi glade og takksame  for.

Det var rundt 70 personar som deltok, og det var folk frå alle øyane i kommunen til stade. Vi hadde musikk- og songunderhaldning frå  Kurt Sagen/Longva Trio, og Svein Ove Flaten kåserte og viste film og bilder frå fleire overvintringar på Jan Mayen. Vi serverte kaffi og kaker, og Lasse Nilsson hadde laga quiz til arrangementet.  Leiaren i pensjonistlaget, Anne Lise Hessen Følsvik, knytte det heile saman.

Valderøy Pensjonistlag var svært godt nøgde med arrangementet, og særleg med at så mange møtte og deltok.

0 resultater