Årsmøtet 2018

Valderøy Pensjonistlag heldt årsmøte 2018 på Ålesund Airport Hotell onsdag 07. februar.

Valderøy Pensjonistlag heldt årsmøte 2018 på Ålesund Airport Hotell onsdag 07. februar.

Protokollen og årsmeldinga kan du lese ved å opne vedlegg til artikkelen

Leiar i Brukarutvalet i Giske, Kåre Sæter, innleia om utvalet sitt arbeid i kommunen. Valderøy Pensjonistlag var ein av dei som tok  initiativet til eit slikt utval i Giske, og årsmøtet sette stor pris på orienteringa.

Årsmeldinga for 2017 viser at laget har hatt stor aktivitet i året, med 7 vanleg medlemsmøter, 10. mai arrangement, busstur for medlemar og andre, og julebord.

 I oktober vart medlemsmøtet halde som ope møte, der andre pensjonistlag, pensjonistar i Fagforbundet, direktemedlemar i forbundet og andre var innbedne. Fylkesleiar Mellvin Steinsvoll var innleiar på møtet som var svært godt besøkt.

Årsmøtet godkjende årsmelding og rekneskap for 2017 utan merknadar.

Leiar i Valderøy Pensjonistlag, Anne Lise Hessen Følsvik, styremedlem Erling Hovden og varamedlem Kitty Uggedal var ikkje på val i år. Nestleiar Leif Ervik, kasserar Unni Klokk, skrivar Lasse Nilsson og varamedlem Irene Skjong vart alle attvalde. Borge Rørvik vart vald som revisor, og valnemnd for 2019 er Gunnvor Hovden, Arne Teigene og John Hjelle

0 resultater