Deltakerne

Pensjonistar på busstur 15. august 2017

Saman med pensjonistar frå Fagforbundet i Giske, drog medlemar i Valderøy  Pensjonistlag på busstur tysdag 15. august.

Anne Lise Hessen Følsvik fortel.

Saman med pensjonistar frå Fagforbundet i Giske, drog medlemar i Valderøy  Pensjonistlag på busstur tysdag 15. august. I år gjekk turen til Angvik Gamle Handelssted i Gjemnes. Det vart ein fin tur i ein av dei nye bussane til Turistbussen Ålesund, og eit interessant besøk i Angvik.

Handelsstaden har røter attende til 1500-talet, då seglskuter frå Holland ankra opp i bukta for å kjøpe tømmer. Dette vart starten på handelstaden, der det mellom anna vart starta tønnefabrikk. I dag er der etablert museum, kunstgalleri og hotell, og historia om korleis ekteparet John og Gurianna Angvik og den store familia deira bygde opp eit handelshus vart fortalt gjennom film og omvisning. I galleriet møter ein historia, livet og verka til kunstnaren Tore Bjørn Skjølsvik, ein av dei fremste kunstnarane i landet, med røter frå Angvik. Opphaldet vart avslutta med lunsj på hotellet, før vi starta på returen. Angvik Gamle Handelssted er verkeleg verd eit besøk, noko alle som deltok på turen var samde om. PÅ heimvegen gjekk turen innom Skarstua på Skaret i Molde for å nyte ein kaffi og bløtkake.

Vi var heime på Valderøya i 19.00-tida etter ein flott dag med mange inntrykk og opplevingar.

0 resultater