Politikk Jeppe Jelle fortel at Stranda pensjonistlag planlegg politikarmøte i juni. Foto: Arkiv

Inviterer fylkespolitikarar til møte

Toppolitikarane i fylket blir i desse dagar invitert til eit møte i regi av Stranda pensjonistlag.

– Vi har ikkje fått spikra alle detaljane enda, men vi vil invitere fylkespolitikarane som står på stortingslista, fortel pensjonistlagsleiar Jeppe Jelle om møtet dei planlegg i juni.

Jelle held korta tett til brystet og vil ikkje nemne namn i denne omgang, men seier at nokre allereie har sagt ja til å stille.

– Planen er å stille dei spørsmål om kva dei vil gjere for dei eldre, seier Jelle.

Velferdsteknologi som tema

Før den tid skal Stranda pensjonistlag ha møte med rådgjevar Tone Bye i Pensjonistforbundet.

Temaet for dette møtet, som er på planen seinare i april, blir «Er det trygt å bli gammal i Stranda?».

Jelle fortel at Bye har særleg fokus på velferdsteknologi og kva den vil få og seie for eldre.

Maitur

I mai blir det tur til Sunnmøre Museum for pensjonistlaget.

– Middagen denne dagen blir lagt til Blåtind. Det har vi brukt å gjere dei siste åra, og vi likar oss svært godt der, seier Jelle om turen som vil gå føre seg på Kristi Himmelfartsdag, 25. mai

0 resultater