Referat frå medlemsmøte mars 2017

Denne gongen vert referatet lagt ut utan bilde

 

Medlemsmøte på Håbakken tysdag 1 4.mars 2017

Tal frammøtte: 17 personar

Leiaren ynskte velkomen, det vart talt opp kor mange som skulle ha mat, og Magnar vart presentert.

Møtet starta med " No livnar det i lundar", alle versa.

Oppklaring av kvifor det var utlodning på årsmøtet, heilt og holdent skrivaren sin feil.

Turar i vår (alle desse har individuell påmelding)

1. Foredrag i Balestrand om mat som gjer deg frisk, skjer i april.

2. Sommertreff i Førde, juni 2017

3. Ymse tilbod elles frå ulike tilbydarar.

23.mai trimdagen til Pensjonistforbundet; mat (som laget tek med) på Moldebo og omvisning. Det vert då ikkje møte 9.mai som er den vanlege møtedagen

Quiz ( "raring / artig skrue/ vanskelege spørsmål som ingen kunne svara på/ overhøyring av skuleelevar/ ) med Magnar; i kveld har me dialektkafe med ord og uttrykk og namn på reiskapar.

Mykje god underhaldning - og diskusjon.

Me song så " Nidelven" og deretter bordverset til tonefølge av Elle

 Etter ei god matøkt var det song "Den fyrste song" til tonefylgje av Elle.

Magnar las så ei historie frå eit hefte gitt ut av Aurland sogelag i 1936. Her fortel ei då 97år gamal kvinne om livet sitt. 

Forslag om val og årsmøtet til Helg og Kvardag. Dagfinn tek kontakt med rette vedkomande.

Møtet vart avslutta med "La oss leve" til tonefylgje av Elle.

 

 


0 resultater