Åresalg høyrer med, salen var flittige kjøparar.

November møte i Pensjonistlaget

Fredag den sekstende var vi samla til møte på Pensjonist salen, og mange hadde funne vegen dit, so salen var so godt so fullsatt då formannen yngste alle velkomne som vanleg på slage sytten.

 

 Fredag den sekstende var vi samla til møte på Pensjonist salen, og mange hadde funne vegen dit, so salen var so godt so fullsatt då formannen yngste alle velkomne som vanleg på slage sytten.

So fekk program leiaren ordet.   Programme starta med at Johannes Langeland held ord for dagen, der han las dikt av Jimmy Øverdal, dette er ein diktar som er frå same område som Johannes.  Dei var skrivne på dialekten frå hans heime trakter. Det var mykje humor i dikta, men ein merka seg og at det låg alvor bak.  Humor er som kjent ei alvorleg sak.

Frå musikk skulen kom to jenter Sonja og Marte Røw Hjelle, dei underheldt med vakker song, som salen sette stor pris på.  Ei riktig stor takk.

Hovud posten for kvelden var om ei reise i Israel.  Olav Pileberg fortalde og viste stil foto frå turen, vi fekk høyre om er Genesaretsjøen der overflata på sjøen er over to hundre meter under havets overflate.  Og stadig fell.  Vi såg innom Kapernaum, Nasaret, Jerusalem og mange fleire, det var ei reise i landskapet.  Konfliktar mellom Palestina og Israel vart ikkje omtala.  Ei interessant reise og Olav kunne nok halde på mykje lenger.  Men tida rakk ikkje lenger.  Ei stor takk til Olav for ei underhaldande  stund.

Folk tok no til og venta på kaffi og mat, og det vart det. Då dei fleste hadde leska seg med det som bordet baud på, var nokre flittige damer frampå med åresalg der både salget og trekninga var unnagjort på en to tre.

Flåens orkester stilte opp ogso denne kvelden, møte lyden set pris på og høyre tonar frå den tid dei fleste var litt yngre.  So konklusjonen må vere at Flåens kan brukast mange gonger enno.

Bladet Kveldsol kom ut med Solbjørg Eikemo som redaktør.  Eit lukkeleg val.  Ho fortalde frå ein barndåp i Nidarosdomen.  Livfult og engasjerande.  Det var nokk ei stor oppleving ho fekk vere med på.  Ho delte hendinga med pensjonistane, på ein ekte og livfull måte, so vi følte mest som om vi var tilstade sjølve.  Tusen takk.

Med dette so ebba kvelden ut.  Formannen avslutta med og ynskja alle vel heim.

 

For Pensjonist laget.

Agnar Flatabø

 

0 resultater