Vi møtte Randi Stadheim Andresen og Asle Andresen, som er busett  i Oslo, på Sunnylven Pensjonistlag si markering av den internasjonale eldredagen laurdag 1. oktober

Ny Medlemsrekord

Det er fleire medlemmar enn nokon gong i Sunnylven pensjonistlag–og fleire av dei er busette i andre kommunar enn Stranda.

Det er fleire medlemmar enn nokon gong i Sunnylven pensjonistlag–og fleire av dei er busette i andre kommunar enn Stranda.

Under markeringa av den internasjonale eldredagen laurdag 1. oktober, fortalde leiar Astrid Langeland at dei har opplevd ei auke i medlemstalet. I dag tel foreininga 104 medlemmar,og Langeland sa dei var veldig stolte av å kunne vise til at dei har medlemmer frå leire kommunar. I tillegg til Stranda, er dei frå Førde, Ørsta, Volda, Ålesund, Sula, Molde og Oslo.

I opningstalen sa eg litt spøkefullt at eg lurer på om Jan Tore Sanner har vore ute og anbefalt Sunnylven pensjonistlag, fortaldeLangeland.

Ny rekord

Vi tok ein sjekk i vårt eige arkiv, og fann at medlemstalet i Sunnylven Pensjonistlag var 73 i 2009. I februar i årkunne vi rapportere om det høgste medlemstalet nokosinne for foreininga, som då hadde 97 medlemmar. No er det altså sett ny rekord med104.

Arva familiegarden

To av dei som var med på markeringa i Peer Gynt Galleriet 1. oktober, kom heilt frå hovudstaden. Randi Stadheim Andresen fortalde at faren kom frå Sunnylven.

– Eg har arva garden han vart fødd på, på Stadheim, etter onkelen min, sa ho. Ho hadde tatt turen saman med mannen Asle Andresen.

–Han er ein ekte oslogut, men treivst i Sunnylven frå første stund, fortalde Stadheim Andresen.

Godt nærmiljø

Ho sa at familiegarden og tilknytinga ho har til Sunnylven er årsaka til at dei er medlem av Sunnylven pensjonistlag i dag.

– Eg har vore her mykje frå då eg var lita, og kjenner mange av dei som er her i dag, fortalde ho. Godt nærmiljø er òg einviktig faktor.

– Vi kjenner mange fleire her enn vi gjer i Oslo. I allefall i pensjonistlaget der vi bur, seier Stadheim Andresen og legg til at dei har mange vener rundt omkring i heile Oslo, og at det ikkje er det det står på. På Pensjonistforbundet sine heimesider viser oversikta at det er over 80 pensjonistlag i Oslo. Dei er delt inn i blant anna bydelar og tidlegare arbeidsgivarar. I vårt nedslagsfelt har ein til samanlikning berre tre pensjonistlag–Stranda, Sunnylven og Stordal/Liabygda.

Tre månader i året

Stadheim Andresen fortel at dei er på Stadheim i om lag tre månader kvart år.

-Hender det at de kjem opp hit berre for å  vere med på medlemsmøte?

–Det kan hende vi passar det litt til, smilte Stadheim Andresen

 

0 resultater