Valderøy Pensjonistlag på busstur

Medlemar og andre interesserte var inviterte på busstur med Valderøy Pensjonistlag 17. august. I år gjekk turen over Sykkylven og Stranda, gjennom den vakre og ville Nordangsdalen og til Bondalen i Ørsta.

Medlemar og andre interesserte var inviterte på busstur med Valderøy Pensjonistlag 17. august. I år gjekk turen over Sykkylven og Stranda, gjennom den vakre og ville Nordangsdalen og til Bondalen i Ørsta.

I det strålande haustveret vart stoppen i Nordangsdalen  ei stor oppleving. Dei ville fjella og det stille vatnet med dei gamle sætertuftene i gjorde inntrykk, og fleire av turdeltakarane hadde god kunnskap om det som hende då raset demde opp vatnet i dalen og sette husa under vatn.

Turen gjekk vidare med ferje frå Leknes til Sæbø, før vi enda opp på den vakre garden Rekkedal Gjestehus.

Her vart vi ønska velkomne av vertskapet Margrethe og Bjarne Rekkedal som sytte for god mat og drikke til turdeltakarane. Vi fekk orientering om garden og drifta der, og det var høve til å sjå inn i dei gamle husa.

Etter opphaldet på Rekkedal drog vi vidare til Aasentunet i Hovdebygda. Dei fleste er kjende med Ivar Aasen og verket han har gjort for det nynorske språket, men det var fint å få dette oppfriska gjennom film om livet hans og omvisning i Aasentunet.

Etter oppfrisking med kaffi og kaker sette vi nasen heimover. Ein vellykka dag på tur, fekk vi melding om på heim vegen, og dei 40 turdeltakarane hadde både veret, guidane og Turistbussen på si side denne dagen.

      

 

0 resultater