Juleverkstadforvaksne:Sunnylven pensjonistlag starta i fjor opp juleverkstad for vaksne, som vart ein ubetinga suksess.

Aktiv haust for laga

Pensjonistlaga i Stranda planlegg stort for hausten. Vi gir deg ein førehandskikk i korta

Stranda. Den28.og29.augustblirdet tur til Kristiansund, fortel leiar  i Stranda pensjonistlag Jeppe Jelle som opplyser at det er påmelding grunna overnatting og fleire gardsbesøk –mellom anna på Tingvoll og på Vollstad gard.

Strandadagane i byrjinga av september vil òg ha stand frå pensjonistlaget alle tre dagane, før ein 22.september er i gong med ordinære medlemsmøte på kulturhuset. –Den 1. oktober markerer vi den internasjonale eldredagen på kulturhuset, kor vi får besøk av alle matbedriftene på Stranda. Fylkesordføraren og rådmannen er invitert, opplyser Jelle. Hausten vert avslutta med førjulsfesten den 25.november,kor ein kan få seg framifrå julemat og god underhaldning.

Sunnylven: I Sunnylven rapporterer leiar Astrid Langeland om at dei startar opp igjen i månadsskiftet august/september. – Vi hadde eit vellukka fårikåltreff i fjor, og vil gjenta det i år med, fortel Langeland som òg røper at pensjonistlaget vil slå på stortromma i samband med eldredagen den 1. oktober. – Då vil vi ha kulturelle innslag og musikk mellom anna, seier ho. Juleverkstad for vaksne vart ein vilkårslaus suksess i fjor – og i år er det ikkje årer, men grautsleiver som blir produksjonen samt krumkaker til julebordet. –Og den2.desember dreg vi på operakonsert til Eid, med Hanne Krogh og fire tenorar. Om mange vil vere med oss, så blir det busstransport, seier ho.

Stordal og Liabygda. Anne Dyrkorn, leiar for Stordal og Liabygda, fortel at dei faste postane alle er kjende med blir vidareført. –Vi startar med ein tur til Stiklestad og Trondheim den 22. til 26.august.Her er det god plass i bussen, opplyser Dyrkorn.

Møta er første onsdag i månaden, og ein satsar på lokale krefter i pensjonistlaget. –Vi har mange som skriv, og prøver å få fram lokale forteljingar i vår programpost «ord for dagen», seier ho. Eldredagen blir markert av laget, og ein tek sikte på å bruke Stordalshallen. –Det blir eit større arrangement, som sjølvsagt er ope for alle. Vi har ikkje heilt fastsett programmet, men skal ha eit planleggingsmøte i august, seier ho. I desember blir det julebord, med underhaldning og sjølvsagt julemat

 

0 resultater