Medlemsmøte 12. mai 2015

Siste møtet før sommaren vart halde på Postaabneriet Pub & Café på Borgund.
27 medlemmer til stades.

 Hovudtema på dette møtet var  "Lærdal grønt", H arald Blaaflat Mundal gjorde greie for satsing og utvikling i jordbruket etter nedleggjinga av konservesfabrikken og gyro i elva. Produksjon av potet og gulroter er utvida med moreller og bringebær; ny satsing er aprikos.

Etter ei matøkt der ein fekk servert ein god gryterett med salat og brød pluss kaffi og lefsekling frå Borgund nærbutikk, vart det referert frå resolusjonane på fylkesårsmøtet. Ein drøfta og eventuell medlemstur utan at det kom fram noko konkret ynskje eller forslag.

 Per Haugen, relativt nyinnflytta borgjind, har  kjøpt bankhuset og innreia eit Kong Sverresenter. Her vil det i sommar vera utstilling, sal av suvenirar og eplekake 4 dagar i veka til sommaren. Onsdagane vert det opplegg i Vindhellaskaret. Før møtet slutta, fekk medlemmane høve til å sjå seg om i senteret.

Neste møte vert 8. september, denne gongen i tidlegare hjelpepleiarskulen.

0 resultater