God medlemsmøte 27. april 2015

Rundt femti medlemmar var samla på Hautunet måndag 27. april. Denne dagen hadde laget invitert fylkessekretær Rolf Bjørseth til foredrag

Ingrid Hildremyr

Rundt femti medlemmar var samla på Hautunet måndag 27. april. Denne dagen hadde laget invitert fylkessekretær Rolf Bjørseth til foredrag.

Styreleiar Ingrid Hildremyr ynskte alle hjarteleg velkomne til ein spennande kveld. Kristian Røvreit las ord for

Kristian Røvreit

dagen med vekt på kva ord for dagen verkeleg er. Deretter fekk fylkessekretæren ordet. Han tok føre seg dagens situasjon med vektlegging på omsorgssituasjonen i Haram og dei utfordringar man har framover.  I og med at kommunen planlegg 70 nye sjukeheimsplassar, kjem vår kommune godt ut i forhold til mange

andre. Han tok vidare føre seg utviklinga framover og var tydeleg på at vi måtte ta eit større ansvar for vår eigen alderdom ut frå den store auken i antall eldre og mangel på spesielt pleiepersonell. Dett må gjerast i samarbeid med kommunen bl.a. med å opprette partnerskapsavtalar mellom frivillig sektor og

Fylkessekretær Rolf Bjørseth

kommunen. Ei stor utfordring vi alle må ta på alvor og være open for nye metodar. Også brukarutval blei det orientert om. Eldrerådet i kommunen skal no handsama dette og legge det fram for kommunestyret. Eit slik utval er pålagt kommunane å ha tettare band til brukarar/pårørande. Avslutningsvis var det reist ein del spørsmål, som blei tydeleg gjort greie for.

Etter foredraget vart det som vanleg gode smørbrød og kaffi, song og loddsal. Styreleiar orienterte om «Vatnetreffet» som skal være 6. juni.

Alt i alt ein triveleg og lærerik kveld for oss alle.

 

0 resultater