Knut Selvåg spelte flott trekkspelmusikk for dei frammøtte.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll - Vikebladet

Revejegerar og trekkspelmusikk på eldredagen i Ulstein

Også dette året gjekk pensjonistlaga i kommunen saman om å skipe til fest på den internasjonale eldredagen 1. oktober 2014.

Også dette året gjekk pensjonistlaga i kommunen saman om å skipe til fest på den internasjonale eldredagen 1. oktober. Madlemar frå laga hadde pynta og dekka bord . Og i god tid tok Bygdestovatil å fyllest av festglade menneske.

Programleiar Asbjørn Flø ynskte alle velkomne og orienterte om bakgrunnen for eldredagen. Stig Håheim frå Musikkskulen hadde med ei gruppe som spela fin pianomusikk for oss. Etter ein allsong fekk kveldens kåsør, journalist, forfattar og museumsstyrar Ole M.Ellefsen ordet. Han har nyleg gitt ut boka «Revejegerane på Jan Mayen». Ideen og utgangspunktet kom frå ei samling dagbøker skrivne av overvintrarar mellom anna frå Ulstein. Året var 1926, og 11 menn skulle bu i tronge fangsthytter og fange rev gjennom vinteren. Ellefsen illustrerte kåseriet sitt med gamle og nyare bilete frå desse fangstområda. Vi fekk høyre mange historier om kiving, moro, bittert alvor og livsfarlege situasjonar. Men alle 11 overlevde vinteren og kom vel heim. No var det tid for kaffipause. Godpraten kom fort i gong rundt borda, og dei gode kakene frå Folkehøgskulen fekk bein å gå på.

Etter pausen fekk vår dyktige trekkspelar, Knut Selvåg; sleppe til. Her vart mange kjende tonar som både vekte minner frå tidlegare tider og fekk det til å rykke i dansefoten. Mange nynna med i dei mest kjende.

Til slutt las Asbjørg Brune eit par dikt om det å vere eldre. Mellom anna fekk vi vite kva som var ei skikkeleg bestemor frå eit barns synspunkt.

Asbjørn takka alle for frammøtet og inviterte til møte i dei to pensjonistlaga. Og med det var det tid å seie kvarandre takk for laget og for ein gild og interessant kveld i lag.

 

Ref: K. E.

Du kan lese referatet frå Vikebladet ved å klikke her

 

0 resultater