Sjøgata, Ulsteinvik

Maimøte i Ulstein pensjonistlag

I den vakre maikvelden hadde mange funne vegen til Bygdestova då Synnøe Breivik ynskte oss alle velkomne til vårhalvårets siste møte. Og det høvde fint med Fagert er landet som opningssong.

I den vakre maikvelden hadde mange funne vegen til Bygdestova då Synnøe Breivik ynskte oss alle velkomne til vårhalvårets siste møte. Og det høvde fint med Fagert er landet som opningssong.

Som opningsdikt hadde Synnøve valt Min barndoms vår frå boka til Audhild Remøy Talseth.

Til å underhalde oss hadde ho fått med seg Knut Selvåg på trekkspel og Anne Lise Hessen Følsvik frå Valderøya, nestleiar og vår fadder i Pensjonistfortbundet her i fylket. Anne Lise fekk fyrst ordet og fortalde frå fylkeslagets arbeid. Ho orienterte også om oppgåvene i Pensjonistforbundet på landsplan og det dei gjer for å betre pensjonistane sine kår. Ho kom mellom anna inn på utrekninga av pensjonane, eigendelar ved tannbehandling, omsorg, aktivitetar og tilbod for eldre. Ein ting som blir satsa på er dataopplæring. Svært mykje i samfunnet går no føre seg elektronisk, og den som ikkje kan ta seg fram på ei datamaskin blir akterutsegla. Den mykje omtala eldrebylgja burde ikkje vere så skremande. Dei aller fleste over 80 greier seg sjølve, medan ein liten del må ha meir eller mindre hjelp og omsorg. Dei eldre har mykje kunnskap og erfaring, og dei er og blir ein ressurs som samfunnet må ta vare på.

For å setje mest mogeleg makt bak krava, er det viktig med flest mogeleg medlemar, og ho nemnde fleire måtar ein kan nå folk og auke medlemstalet. Om nokre månadar er det val til styre i kommunar og fylke, og då bør vi vere merksame på kven som vil fronte våre saker og arbeide for at eldre skal få eit godt og meiningsfullt liv heilt til det siste. Den grundige orienteringa vart løna med takkeord og blomster.

Som vanleg skal vi avslutte vårhalvåret med dagstur, og denne turen har vi lagt til Sandsøya. For nokre år sidan var vi på Kvamsøya, og det synte seg at svært mange ikkje hadde vore der før. Truleg er det mange som heller ikkje har vore på Sandsøya, og no blir det høve til det. Vi får med nokon som er godt kjend på øya, og middag blir servert på den tidlegare fiskarheimen. Synnøe orienterte ein del om turen, og i pausen vart det sendt rundt påmeldingsliste.

Det vart no meir vårsongar til trekkspelmusikk, og etter eit forfall var det Asbjørg Brune som skulle stå for opplesinga. I pakt med årstida hadde også ho mellom anna valt vårdikt.

Mot slutten av møtet orienterte Karin Ertesvåg om saker frå siste møte i Fellesrådet. Og på oppmoding vart møtet avslutta med songen Der roser aldri dør.

Dermed var det tid for å takke for laget og for samværet på møta gjennom vårhalvåret, og så møtest mange av oss til dagstur i fyrstninga av juni. Det kjem annonse i Vikebladet når tida nærmar seg, og vi får stor buss, så det blir høve til å melde seg på for fleire.

0 resultater