JOLEBORDET 2018

Referat fra jolebordet til Dalen pensjonistlag

Referat frå jolebordet til Dalen pensjonistlag 14. desember 2018

38 festkledde seniorar frå Tokke sat benka kring festbordet då nestleiar i Dalen pensjonistlag og leiar i festkomiteen Åge Strøm ynskte velkomen til jolebord på Kroa.

Gjester frå alle kantar i kommunen, Mo/ Byrte, Skafså/Austheii, Høydalsmo/Lårdal og Dalen trassa glatta og mørkret og var med og song «jola» inn.

Mange, gamle og kjære jolesongar med godt tonefylgje av tre trekkspel, Arnfinn, Gutten og Kåre, opna festen og satte alle i høgtideleg stemning.

Tone Vågsli las stubbar og stykkje frå korles dei feira jol i gamledagar, der m.a. eit av stykka var skrive av Halfdan Johre, og mange kjende seg nok att og lot kan hende tankane vandre attende til sin barndom og deira eiga jolefeiring.

Varm og smakfull jolemat kom på bordet, med kaffe og dessert på toppen av ein elles velfylt mage. Og då må ein berre lea seg litt, så festkomitemedlemmar freista få folket på dansegolvet, men eg trur maten framleis tynga, så praten gjekk livlegare enn dansefoten.

Men så byrja musikken å spele Musevisa, og sanneleg kom det ikkje inn tre små mus som dela litt av jolematen sin med oss: me fekk to små netar, eit lite innpakka drops/sjokolade og ei mandarin. Eit utruleg artigt innslag til oss eldre, for jolenissen er det vel ingen av oss som trur på lenger.

Praten gjekk lystigt kring borda, ei og anna artig rispe blei drege og så var kvelden omme. Musikkerane fekk siste ordet og festkomiteens leiar takke alle, musikken, kokken og gjester og ynskte alle ei rektig god jol og vel heim.

0 resultater