Fylkesårsmøtesalen

Fylkesårsmøte 2014

72 pensjonistar hadde funne vegen til fylkesårsmøtet til Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane som vart halde på Kviknes hotell i Balestrand. Dagen starta med lunsj før sjølve årsmøtet tok til. Fylkesleiar Jostein Midtbø opna årsmøtet og ynskte alle dei frammøtte velkommne. Spesielt vart representanten frå forbundet, forbundsleiar Borge Rørvik  og redaktør i Pensjonisten, Trond Nedrebø, helsa velkommne.  Dirigentane Kolbjørn Kastet og Laura-Marie Fure leia årsmøtet med stødig hand gjennom vanlege årsmøtesaker. Det var 30 lokallag representert. 

Av årsmeldinga gjekk det fram at det no er 39 lokallag i fylket. Desse har 3881 medlemmer – eit høgt medlemstal samanlikna med andre fylke. Styret hadde gjeve uttrykk for at det var stor aktivitet i lokallaga. Rekneskapen synte at fylkeslaget hadde god orden i økonomien.

I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene var det tre saker som fekk fyldig plass i møtet.

Direktemedlemmer
I tillegg til medlemmene i lokallaga  er det i Sogn og Fjordane 800 – 900 pensjonistar som er direkte medlemmer i forbundet. Desse får fylkeslaget ansvar for dette året. Dei blir i utgangspunktet ikkje medlemmer i lokallaga. Styret må finne ein god måte å ta vare på desse medlemmene på.

Medlemsblad
Styret la fram til drøfting av spørsmålet om å lage eit eige medlemsblad for pensjonistane i fylket. Dette vil kunne gje god utveksling av idear om aktivitet m.m. For dei direkte medlemmene vil det kunne gje god informasjon om arbeidet i lokallaga og fylkeslaget. Tanken om eit slikt medlemsblad fekk stor oppslutning i årsmøtet.

Tannhelse
Årsmøtet vedtok ein resolusjon som gav uttrykk for vonbrot over at den nye regjeringa har fjerna ei løyving til tannhelsesjekk for eldre over 75 år. Årsmøtet oppmoda på det sterkaste regjeringa om å starte ein opptrappingsplan for tannhelse blant eldre, der utgiftene vert dekka av eigenandelssystem på linje med andre helsetenester.

Årsmøtet oppmoda på det sterkaste regjeringa om å starte ein opptrappingsplan for tannhelse blant eldre, der utgiftene vert dekka av eigenandelssystem på linje med andre helsetenester.

 

Årsmøtesalen

Etter nyval ser det nye fylkesstyret i Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane slik ut:

•    Fylkesleiar Jostein Midtbø, Eikefjord pensjonistlag

Nyvalt fylkesstyre

•    Nestleiar Bertel Meek, Naustdal pensjonistlag
•    Marie Reinen, Vågsøy pensjonistlag
•    Kolbjørn Kastet, Årdal pensjonistlag
•    Anna Sofia Skaar, Vadheim pensjonistlag
•    Bergfrid Rønnekleiv, Hyen pensjonistlag
•    Odny Ravnøy, Solund pensjonistlag
Vara:
1.    vara,  Liv Teigen, Flora pensjonistlag (fast møtande)
2.    vara, Johanna Nygjerd, Stryn og Hornindal pensjonistlag
3.    vara, Anders E. Mo, Lærdal og Borgund pensjonistlag

Ny organiasjon – ny strategi  
Pensjonistforbundet er ein organisasjon som har hatt stor auke i medlemstalet dei siste åra. Medlemstalet er no bortimot 220 000. Eit eige utval har sett på korleis ein kan gjere organisasjonen meir moderne og skikka til å ta seg av eit stadig aukande medlemstal på ein best mogleg måte. Sameleis er det sett på som viktig å ”spisse” forbundet sin strategi i arbeidet for pensjonistane . Begge desse områda tok forbundsleiar Borge Rørvik for seg andre dag av årsmøtet. Her kom det fram mange innspel i drøftinga.

0 resultater