Svein Johs. i pensjonistlaget

Fredag 31. januar hadde pensjonistlaget besøk av sjøkaptein Svein Johs. Flø

Det vart ei gripande forteljing på medlemsmøtet

Frå nettsiden til Vikebladet Vestposten: 

Medlemen vår, Svein Johs Flø., var i 1980-åra kaptein på tankbåten “Texaco Baltic”.  Dei gjekk mykje på “Østen”.  I  Sør-Kinahavet, i august  1983, kom dei over ein liten  forkomen båt med 79  endå meir forkomne flyktningar ombord.  Menn, kvinner og barn, mange så små at dei måtte berast.  Fleire båtar  hadde passert dei utan å hjelpe. Dei hadde rømt frå det nye styret i landet. Fleire dagar på elva – og hadde no vore i rom sjø i 6 dagar. Mangla både mat og vatn og kler.  “ Texaco Baltic” tok dei ombord - og etter konferanse med  flykningkommisæren  gjekk dei til  Singapore med dei.

0 resultater