Tunkafè i Fjaler

Fjaler pensjonistlag driv ein hyggjeleg internettkafè i Dale sentrum.

I samband med at  Fjaler eldresenter har vorte opprusta både ute og inne, har det skifta namn til Tunkafèen. Tunkafèen ligg i Dale like ved kommunehuset. Her jobbar hyggjelege kafèdamer på dugnad. Dei sel enkel kaffimat. Tunkafèen er ein sosial møteplass for både fastbuande og tilreisande. Dette er no også eit godt tilbod til askvollingar og andre som treng ein pause under tur til Dale.

Hyggjestund

No er kafèen også internettcafè. Det er sett opp eigen PC der du kan surfe, sjå film, lese aviser. Du kan også skrive, lese eller sende e-post. Denne internettenesta er gratis. Du må gjerne ta med eigen PC eller nettbrett og bruke det.

 

Fjaler pensjonistlag ynskjer velkommen til Tunkafèen i Dale.

 

0 resultater