Styret i Fjaler pensjonistlag med ordførar Arve Helle og fylkesleiar Jostein Midtbø

40 års jubileum Fjaler Pensjonistlag

Det var ca. 70 deltakarar, (påmelde, gjestar, underhaldarar og hjelparar) som deltok i jubileumstilstellinga til Fjaler pensjonistlag på Våge grendahus den 17.04.13. Her hadde dei pynta til fest med småbord og vakre blomsterdekorasjonar. Det vart servert rømmegraut med spekemat som smakte fortreffeleg.

FJALER PENSONISTLAG – 40 år

Det var ca. 70  deltakarar, (påmelde, gjestar, underhaldarar og hjelparar) som deltok i jubileumstilstellinga  til Fjaler pensjonistlag på  Våge grendahus  den 17.04.13.  Her  hadde dei pynta til fest med småbord og vakre blomsterdekorasjonar.  Det vart servert  rømmegraut med spekemat som smakte fortreffeleg.

Nestleiar i laget Turid Sagevik ynskte alle vel møtt til festen og gav ordet til Olav Nedrebø  som orienterte om attersynet av laget si historie . Fjaler pensjonistlag vart  skipa 14. april 1973 av leiar  Edvard Bjordal, Else Bakke sekretær og Gerda Fauske  kasserar med 69 medlemmar. I løpet av åra har medlemstalet variert og  pr.31.12.12 var det  122.  Ann Kviteberg, den noverande leiar har med seg i styret:  Nestleiar Turid Sagevik, kasserar  Magni Thorsen, Olav Nedrebø sekretær og Ruth Skadal styremedlem.

Av attersynet går det fram at Fjaler pensjonistlag har vore eit aktivt lag som har lagt til rette for varierande tiltak  og engasjement  for dei eldre gjennom medlemsmøter, turar,  kurs, m.m. Den største aktviteten er drifta  av Fjaler eldresenter,  arbeidet vert utført på dugnad. Det er helsebringande å ha ein god møteplass enten ein ventar på buss/ferje eller berre vil treffe kjende.  I jubileumsåret er det planar om «oppkvikking av eldresenteret», og i den samanheng er det tillyst namneendring, vinnartipset vert premiert med blomsterhelsing.

Ordførar Arve Helle ynskte lukke til med jubileet, overrekte blomsterhelsing og kunngjorde ei  overraskande gladmelding : « Fjaler kommune vil gje  tilskot på kr.400.000.- til byggtekniske og nødvendige løft til Eldresenteret i Dale». Eldrerådet i Fjaler  har jobba  med saka i 2 år, har vore i møte med ordførar, teknisk etat og hatt eit godt  samarbeid med administrasjonen i kommunen.  I mai skal saka opp i kommunestyret, og  ordføraren er ikkje i tvil om  at tilskotet  vert godkjent og tykte det var fint å forskottere «gladmeldinga» på jubileumstilstellinga.

Ordførar Arve Helle og leia i pensjonistlaget Ann Kviteberg

Fylkesleiar Jostein Midtbø  frå Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane takka laget for innsatsen for dei eldre gjennom mange år, overrekte sjekkar  med blomsterhelsingar  frå pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane  og  forbundet sentralt og ynskte laget lukke til med det vidare arbeidet.

Fylkesleiar Jostein Midtbø og nestleiar Turid Sagevik

Andreas Ramstad spelte til songane og var også med i musikkgruppa «Ramskogås» med  Knut  Skoghei og Atle Åsnes som underheldt oss med fin musikk som fall godt i smak av  festdeltakarane. Dei nynna med i refrenga og sanneleg rykte det i dansefoten og!

Arrangementet var støtta av «Den kulturelle spaserstokken»-,  kultursjef Ingeborg Opdal Tysnes var positiv til å støtte  slike lokale tiltak og tok gjerne imot tips om seinare arrangement.

Aud Sunde las opp sjølvskreve dikt om «Eldresenteret» og dikt av Haldis Moren Vesaas.

Festen var slutt 18.30  - eit vellukka arrangement og fornøgde festdeltakarar.

Rsk - styremedlem

 

0 resultater