Her blir det god vinterved

Dugnad er både kjekt og nyttig

I Fjaler driv pensjonistlaget eldresenter i Dale. Her er det kafè som er open 4 dagar i veka og lokale som kan leigast til styremøter og liknande. Her kan pensjonistar og bygdefolk komme innom for ein prat og ein kopp kaffi og vaflar, natronkaker eller sveler m.v. Dette er ein kjærkommen stad å gå innom medan ein ventar på buss eller ferje. Det er kommunen som eig lokala medan senteret vert drive på dugnad av pensjonistlaget.

Dugnad er både kjekt og nyttig.

No har kommunen vedteke å utføre vedlikehaldsarbeid og opprusting av både bygg og uteområde. Ei slik oppfrisking av anlegget kjem både kommunen og pensjonistlaget til gode så pensjonistlaget har teke på seg å hjelpe til med uteområdet. Ein god del er alt gjort. Store tre er felte ned og oppkappa til ved til vinterbruk, jord er jama utover, ny plen er alt vorten grøn og busker og hekkar er klipte og blomster er planta.

Lions club Fjaler har vore med og utført om lag 100 dugnadstimar, men hovudansvaret har lagt på pensjonistlaget. Den nye styreleiaren for eldresenteret, Inger Skadal, har vore med på alle arbeidsøktene. I tillegg har ho planlagt, organisert og tilrettelagt for dette dugnadsarbeidet på ein god måte.

Dugnad er ikkje berre arbeid. Det er sosialt og kjekt å komme saman og gjere ein jobb i lag. Eldresenteret har spandert kaffi, vaflar og smørbrød til dugnadsarbeidarane.  

0 resultater