Den gløymde gruppa

For kort tid sidan la regjeringa fram sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett, med mange viktige punkt.

For kort tid sidan la regjeringa fram sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett, med mange viktige punkt. Det vi i Pensjonistforbundet reagerer særleg på, er alt det som ikkje er nemnt. Vi eldre blir ignorert i både tal og tale, vi blir rett og slett ikkje nemde.

Mange eldre har vore isolerte, og på mange måtar stigmatisert, gjennom pandemien som har råka verda, og også nærmiljøet vårt. Vi har møtt mange skuldingar for tiltaka som råkar næringsliv og privatpersonar, og i kommentarfelta ser vi haldningar som skræmer; som «Er det verd det, dei skal jo snart døy likevel». Korleis har regjeringa tenkt å følgje opp dei mange gode intensjonane med å skape eit aldersvenleg samfunn, når slike tankar og ord får breie om seg? Når får vi ein tale til oss eldre, som fortener respekt og omtanke nett no? Kor blir dette av, midt i gleda rundt utepils og gjennopna uteliv?

Etter dyrt kjøpte erfaringar i den framleis pågåande koronasituasjonen, er vi sjokkert over at det ikkje står eitt ord i revidert nasjonalbudsett om bevilgningar til sjukeheimar og omsorgsboligar - hverken om bemanning eller drift. Når vi veit at dei fleste dødsfall som skuldast epidemien har skjedd på sjukeheimar/omsorgsboligar, er det ekstra krevjande både for den enkelte bebuar, for dei tilsette og for pårørande at dette ikkje blir nemnt som ei utfordring det må takast fatt i.

Vi forventar at dette vil kome opp igjen som ein eigen budsjettpost når koronakommisjonen har sagt sitt. Det er ikkje nok med applaus lenger! Kommunene får to milliardar ekstra i denne omgangen, kommunene meiner sjølvsagt at dette ikkje er nok i motsetning av regjeringa. Vi trur nok at kommunene veit best kor mykje koronakrisa har kosta, den som har skoen på kjenner best kor den trykjer!

Pensjonistforbundet har bede regjeringa bevilge ytterlege 400 millionar kroner til kommunene - øyremerka sårbare eldre, som har fått merke konsekvensane av krisa på så mange, og til dels hjarteskjerande, måtar. Vi har høyrt om uverdige tilhøve innan eldreomsorga, om eldre som ikkje har fått reingjort boligen sin på fleire veker, og som heller ikkje har fått hjelp til å dusje. Dette er sjølvsagt ikkje likt over alt, men der det skjer, er det ikkje akseptabelt. Vi veit også at med grunn i smittefaren har bebuarar på sjukeheimar og omsorgsboligar vore nærast totalt isolert frå omverda, utan at det har vore muleg å få besøk av pårørande. Mange eldre slit med einsemd, frykt og isolasjon, og har tunge dagar. Kulturaktivitetar har vore avlyst, og lokale møtestadar som kafear, eldresenter og dagsenter har vore stengt i over to månadar. Det er heldigvis på veg til å lette litt på restriksjonane no, men framleis er det mange som slit med grunn i dette.

I alle desse vedtaka som gjeld oss eldre, har Eldreråda i kommunene ikkje vore involverte - og ingen spør dei eldre om kva som er viktig no. Samfunnet har vore gjennom eit kvantesprang på den digitale fronten, men eldre som gruppe har ofte lav digital kompetanse og har ikkje same mulegheita til å sosialisere seg med vener og familie på dei digitale områda. Kor er samfunnet si satsing på digital opplæring av denne gruppa? Den gradvise gjenopninga av samfunnet er i gong. Vi vil få ei todelt utvikling framover; dei fleste vil gradvis gå attende til eit normalt liv, medan eldre over 65 år ikkje kan gjere det fordi dei framleis risikerar å få ein dødeleg sjukdom. Då er det viktig at samfunnet vert lagt til rette med omtanke for personar i risikogruppa. Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal nestleiar styremedlem

0 resultater