Styret med vararepresentantar: Anny Elise Misund, Karl-Arne Franzen, Ansgar Misund, Marit Wold Sæbø, Gerd Misfjord, Berit Sagen, Kjell Bjørn Nerbø og Lars Christian Fjørtoft.

Årsmøte/Medlemsmøte i Vestnes Pensjonistlag

For ein del menneske er alle årsmøte spennande og givande møte, mens andre held seg heime slike dagar. Ikkje det heilt store frammøtet onsdag 12. februar under Vestnes Pensjonistlag sitt årsmøte, men rikeleg for å kunne gjennomføre det.

Årsmøtet:

Etter at møtet hadde konstituert seg, gjekk leiar gjennom årsmeldinga for 2019. Den viste stor aktivitet i laget. Det vart halde 10 styremøte med viktige saker. Her kan nemnast planlegging av medlemsmøta, samarbeid med dei tre andre pensjonistlaga i kommunen, vidareføring av faste aktivitetar for eldre, eldrerådet med val av nytt medlem som fall på Oddrun Nordeide, val av turmål og mange andre saker. I 2019 gjekk medlemsturen til Loen der høgdepunktet var å ta liften opp til fjellet Hoven. Kanskje litt skummelt for somme, men alle vart med, og alle var fornøgd.

Underhaldninga på medlemsmøta har variert frå song og musikk av gode lokale aktørar, til foredrag av kjenningen Oddgeir Bruaset som snakka om juleskikkar. Her skal òg nemnast at vår dyktige leiar hadde ein god gjennomgang av «LEVE HELE LIVET». Under jubileumsfeiringa var leiar i fylkeslaget, Melvin Steinsvoll, foredragshaldar. Her fekk fleire av medlemmane Pensjonistforbundet si gullnål som takk for ein ekstra innsats for laget. På siste møtet i 2019, julebordet, var det Mathias Kaldvatsvik som var god underhaldar. Det blir i det heile lagt vekt på å få gode folk til å underhalde.

Elles var det, tradisjonen tru, markering av eldredagen, noko eldrerådet tek initiativ til, og den internasjonale aktivitetsdagen som var i samarbeid med dei andre laga.

Noko grunna jubileumsfeiringa gjekk laget med om lag 5000 kroner i underskot, men laget har ein god økonomi med i overkant av 60 000 kroner i banken. Både årsmelding og rekneskap vart einstemmig godkjent.

Valet gjekk òg greitt. Eit par av styremedlemmane tog attval. Ingvald Vestnes gjekk ut av styret grunna sjukdom, og 1. vararepresentant går inn i hans stad i eit år. For komande år ser da styret slik ut: Gerd Misfjord, Lars Christian Fjørtoft, Ansgar Misund, Marit Wold Sæbø og Anny Elise Misund. Vararepresentantar vart Berit Sagen, Karl-Arne Frantzen og Kjell Bjørn Nerbø. Styret vitnar om kontinuitet.

Underkomitear vart òg valde, slik som matkomité, komité for åresal, valkomité og revisor. Utsendingar til fylkesårsmøtet vart òg valde. Sjølvsagt var det gåver til dei som gjekk ut av sine tillitsverv, og leiar kunne heve årsmøtet.

Medlemsmøtet:

Medlemsmøtet etter årsmøtet opna med tenning av lys til minne om Oddmund Nerhus som døydde 27. januar nær 97 år gammal.

Deretter følgde litt underhaldning av Karl-Arne Frantzen som song tre viser. Matøkta denne dagen inneheldt mellom anna blautkake som er tradisjon etter eit årsmøte. Åresalet vart som vanleg godt motteke. Leiar orienterte om aktuelle saker, og Berit Sagen hadde ord til ettertanke før det heile vart avslutta med allsong.

0 resultater