Årsmøte  i Ytre Herøy Pensjonistlag

På bildet ser vi styret for 2020. Kasserar Per Arne Gjerdsbakk, nestleiar/sekretær Roar Skoglund, leiar Anlaug Varhaugvik, styremedlemmane Anna Nordbø og Olaug Barstad.

På ein svært så regnfull dag samla Ytre Herøy pensjonistane seg til årsmøte onsdag 05. februar på Sanitetshuset.

Leiar Anlaug ønskte alle velkomne og vi starta møtet med eitt minutt stillheit for dei av oss som hadde gått bort siste året.

Steinar Åheim med trekkspelet sitt var med oss og spelte til allsongane i møtet til glede for alle.

Anlaug leia oss gjennom årsmøtesakene og etterpå las vår «gamlelensmann» Roar Skoglund nokre humoristiske historier frå boka «Lensmannshistorier».

Etterpå var det god Haldis – kaffi og boller med kvit og brun ost samt hyggeleg prat rundt borda. Og som alltid opna vi lommeboka godt i åresalet for å sjå om vinnarlukka var med oss.

Fager kveldsol med Steinar sine trekkspeltonar avslutta pensjonistane sitt årsmøte og februarmøte.

Tradisjonen tru så er neste møte første onsdagen i mars.

0 resultater