Sterkt kåseri på Myra kulturbygg

I samarbeid med Vestnes folkebibliotek og Vestnes sogelag hadde Vestnes Pensjonistlag invitert forfattar Svein Sæter til Vestnes tysdag 29. januar 2020 for å fortelje om motstandsmannen Ottar Haugland. For dei om lag 70 frammøtte vart dette ei heilt spesiell og sterk oppleving.

Lysande om mørket

Ottar Haugland overlevde dødsleir og dødsmarsj i kampen mot nazismen. Ufatteleg samhald vann over ufatteleg vondskap. Dette er den sterkaste historia eg nokon gong har fått skrive, sa Svein Sæter om boka «Krig. Mor. Bror.» (Samlaget) Eg sluttar aldri å undre meg over kva krefter som finst i mennesket når det verkeleg røyner på.

«Krig. Mor. Bror.» er blitt kalla ei lysande bok om den mørkaste tida i mennesket si historie. Derfor vart Sæter sitt dramatiske og svært gode kåseri ei oppløftande oppleving. Han har tidlegare skrive fleire kritikarroste bøker om den andre verdskrigen. Mellom dei er «Operatøren» som handlar om Knut Haugland, bror til Ottar, men Svein Sæter fortener òg stor ros for sine evner som munnleg formidlar.

Kampen for livet

Natt til 24. november 1943 vart Ottar Haugland tatt og torturert av Gestapo. Han tok da ei sjølvmordspille. Milorgoffiseren ville døy for å beskytte andre. Utruleg nok overlevde han. I staden vart Ottar sendt til utslettingsleiren Stutthof. Der fann han papir og blyant, og begynte å skrive. Dagboka hans er kjernen i forteljinga, fortalde Sæter.

Mor Gunnhild Haugland hadde ei forferdeleg tid heime på Rjukan. Kort tid etter at sonen Ottar vart arrestert, omkom mannen Olaf i ei ulykke. Knut hadde ho ikkje høyrt frå på over tre år, så han visste ho ingen ting om. Så begynte også Gunnhild å skrive dagbok, i angst og kamp for gutane sine. Etter ei kort melding frå Ottar, skreiv ho: «Sanninga får han nok ikkje skrive. Og då er han for ærleg til å lyge. Ein ekte nordmann, som alle dei andre eg har.» Mora sin kamp under heile krigen er for lite kjent og påakta etter Svein Sæter si meining.

Ei tidlaus historie

Ottar Haugland si historie er ei forteljing om det ufattelege. Om ufatteleg vondskap, ufatteleg vald, om dei ufatteleg svarte avkrokane i menneskesinnet. Men Ottar kom heim til Norge i live, med ein bodskap om håp, respekt og forsoning. Dette løftar den desperate kampen hans til ei universell, tidlaus historie om korleis det verste i mennesket kan bli møtt med det beste. Eitt eksempel på dette var da Ottar tok kontakt med ein nazist som gjekk omveg for å sleppe å møte Ottar, fortalde Svein Sæter.

Brått har historia også blitt dagsaktuell. I Tyskland pågår det som truleg blir den aller siste rettssaka mot ein naziforbrytar. Bruno Dey (93) var vakt i Stutthof. Han kom dit samtidig med Ottar Haugland og er tiltala for medverknad til 5230 drap.

Avslutning

Det var knystande stille i salen under heile kåseriet. Ein varm og lang applaus braut stilla, og folk med blanke auge veksla godord om kåseriet. Sjølvsagt var alle samde med Svein Sæter i at det må arbeidast for at slikt aldri skal skje igjen.

0 resultater