Fjaler pensjonistlag på tur

Fjaler pensjonistlag er 40 år 14. april 2013

Fjaler pensjonistlag er 40 år 14. april 2013 Dette vert markert med ei tilstelling i Våge grendahus onsdag 17. april. Denne tilstellinga er open for alle og er i samarbeid med ”Den kulturelle spaserstokken”. Det er sett opp gratis buss frå Dale kl. 13.30.

Fjaler pensjonistlag er 40 år 14. april 2013

Dette vert markert med ei tilstelling i Våge grendahus onsdag 17. april.

Denne tilstellinga er open for alle og er i samarbeid med ”Den kulturelle spaserstokken”.

Det er sett opp gratis buss frå Dale kl. 13.30.  Det er sett opp slikt program:

         Attersyn

         Helsingar

         Lokal musikk

         Varmrett

         Orientering om turar

         Orientering om eldresenteret

         Musikk til allsong og underhaldning v/Ramskogås

Nærare orientering etter festen.

 

Turar

Turar er ein av dei faste aktivitetane til laget. Ei aktiv turnemnd legg til rette for dette. I 2012 hadde laget 3 turar.  Som vanleg vart det tur i samband med fylkeslaget sitt årlege sommartreff.  Med 40 deltakarar møtte vi på Kviknes hotell og var med på programmet til fylkeslaget. Vi overnatta på hotellet og dagen etter køyrde vi til Sogndal og Anestølen der vi fekk servert ekte stølskost med rømmegraut og spekemat.

Så hadde vi dagstur til Osterøy. Her vart det så stor påmelding at det vart to turar med fullsett buss. På denne turen vart det stans på Lonevåg der det vart servert middag med kjøtkaker, dessert og kaffi. Stans på fabrikkutsalet til Dale fabrikker. Retur over Eksingedalen, Mo, Romarheim og Lavik.

Den 3. turen gjekk som dagstur til Kalvåg. Middag på Knutholmen og omvising med Svein Inge Fosse som lokal guide i Kalvåg. Retur over Bremangerlandet, Skatestraumen, Davik, Ålfoten. Kaffipause i Svelgen.  Ivar Haugen var turleiar på alle turane.

Gruppetur til Madeira.

Ein fellestur til Madeira 18. - 25. oktober med 18 deltakarar frå Fjaler og 26 frå Hyllestad kom i stand etter initiativ frå pensjonistlaget. Turoperatør her var Vitaltour og den var koordinert av frivilligsentralane i Hyllestad og Fjaler.  Dette tiltaket var svært vellukka og vert vidareført i år med tur til Lanzarote med to veker i oktober.         

0 resultater