Lagsleiar Gerd Misfjord har fått blomster av ordførar Geir Inge Lien 

Ordføraren gjesta pensjonistane

Godt frammøte da ordførar Geir Inge Lien gjesta medlemsmøtet i Vestnes Pensjonistlag onsdag 15. januar.

Ein blid og opplagt leiar, Gerd Misfjord, kunne ønske 52 frammøtte eit godt nytt år og velkomne til det første pensjonistmøtet i 2020. Heidersgjest var ordføraren i Vestnes. Som vanleg var det også på dette møtet både allsong, ord for dagen og ord til ettertanke. Eit møte utan åresal er nesten utenkeleg, og matøkta er svært velkomen, for da har alle høve til å snakke med kvarandre. Den sosiale delen av laget sitt arbeid er svært viktig, og nettopp praten rundt borda på møta, kjem inn her.

Ordføraren snakka i hovudsak om det nye helsehuset, Stella Maris, som no reiser seg i Helland sentrum. Han poengterte litt dette med namnet. Bygget har ei stjerneutforming, og Vestnes har ei viss maritim tilknyting, så «Sjøstjerna» skal vere eit godt namn i følgje ordføraren.

Sjølv om bygget blir eit stort økonomisk løft for kommunen, er det noko som måtte komme. Ein av til-høyrarane rosa ordføraren for satsinga til kommunen på den eldre generasjonen. Det må vere kjekt for ein ordførar å få ei slik tilbakemelding. Noko av det viktigaste med bygget, er at dei tilsette vil få ein betre arbeidssituasjon. Mange av dei tunge løfta blir det færre av, og ny teknologi blir ein integrert det av inventaret.

Helsehuset skal òg hyse folkebiblioteket. Med moderne utforming og driftsmåte, blir dette eit stort pluss for publikum, men ikkje mist for dei tilsette ved biblioteket. Ved sida av biblioteket blir det kafé som òg blir viktig for svært mange.

Henrik Ibsen la ein kjent uttale i sin Peer Gynt som er like dekkande no som da han skreiv det dramatiske diktet i 1867, nemleg at «om jeg hamrer eller hamres, like fullt så skal der jamres». Litt kritikk for mellom anna plasseringa av bygget, kom fram, men no er dette bestemt, og huset skal takast i bruk om ca. eit år.

Til slutt i orienteringa si, retta ordføraren ein stor takk til pensjonistlaget for det gode arbeidet laget gjer. Han nytta høvet til å overrekke blomster til leiar, og kytte denne blomsterbuketten til laget sin 40-årsfeiring hausten 2019. Vi veit jo at laget betyr mykje for mange, men det er hyggeleg å sjå at òg politikarane våre ser dette.

Leiar i Vestnes Pensjonistlag er flink til å skrive i lokalavisa om viktige saker relatert til pensjonistforbundet, og på møta i laget blir det òg orientert om slikt som skjer eller skal skje i nær framtid. Allereie 28. januar blir det foredrag av forfattar Svein Sæter om motstandsmannen Ottar Haugland frå 2. verdskrig. Dette er i samarbeid med biblioteket og sogelaget. Så får vi besøk av Tone Bye den 16. april. På februarmøtet i laget blir det òg årsmøte.

Året 2020 har starta godt, og med dei planane som ligg føre og den driven leiar har, kan medlemmane sjå fram til mange gode samvær i året som ligg framfor oss.

0 resultater